17.02.2013 Views

Utdanning_08_10

Utdanning_08_10

Utdanning_08_10

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Når ein utstøytt sjølv blir utstøytar

Å vera utstøytt er nok velkjent

for dei som arbeider i skolen, så

romanen «Utstøytt» burde vere

interessant både for lærarar og

skoleleiarar. Forfattaren skriv lett,

har ein rik fantasi og presenter personane

på ein lun, men treffande

måte. Men særleg slutten ville tent

på ein strammare komposisjon.

> I 2005 debuterte Heidi Hjorteland

med novellesamlinga

«Vranglås». No kjem ho ut med

sin første roman, der hovudtemaet

er korleis det er å verta

halden utanfor, eller som tittelen

seier, vera «Utstøytt». Dette skulle

vere eit velkjent fenomen for dei

som arbeider i skolen, så boka

burde vere av interesse for både

lærarar og skoleleiarar.

Forfattaren har lagt handlinga

i boka til eit miljø ho sjølv kjenner

godt. Både ho og hovudpersonen,

Borghild, har vakse opp på ein

fjellgard, og begge har valt journalistyrket

som leveveg. I tillegg

avsluttar boka med at Borghild

skriv ned livshistoria si i håp om

å koma vidare i livet. Ho er med

andre ord «forfattar».

Boka byrjar og avsluttar på eit

sjukehus, som såleis blir ramma

rundt sjølve forteljinga om Borghild,

som bur om lag ei mil frå

bygda saman med foreldra og den

yngre broren Reidar.

Som dei fleste barn gler Borghild

seg til å byrja på skulen. Men

allereie fyrste skoledagen kjenner

ho seg utanfor. Ho føler og at

mora, som er med denne dagen,

skil seg ut frå dei andre mødrene.

Handlinga når eit toppunkt

da Borghild byrjar i fjerde klasse,

og det kjem ei ny jente, Kari, i

klassen. Kari er veslevaksen og

kunnskapsrik, og blir etter kvart

lærarane sin maskot. Samtidig

bestemmer ho kven i klassen

som skal leike i lag, og kven dei

ikkje skal bry seg med. Borghild

høyrer til den siste gruppa. Ho

vert gåande for seg sjølv. Men ho

seier ingen ting heime om korleis

ho har det på skulen, og foreldra

spør sjeldan. Borghild ber det

vonde inni seg, slik resten av

familien taust ber sitt. Kvar morgon

ho skal på skolen, kjenner

ho ein stram knute i magen og er

nær ved å kaste opp.

Som så mange i same situasjonen

trur Borghild at det er hennar

eiga skuld at ho blir halden utanfor.

Som til dømes då Kari ber

inn til tiårsdagen sin, Borghild er

den einaste i klassen som ikkje

er invitert. Men Borghild trur

ikkje at det er vondt meint, berre

at Kari har gløymt kortet hennar

heime.

Heller ikkje lærarane er fri frå

fordomar. Dei ser på folk frå fjellbygdene

som noko for seg sjølve.

Dei er både asosiale og har ein

sjølvgod livsstil. Berre klassestyraren,

Guro Frick, tek parti med

Borghild. Trass alle vanskane gjer

Borghild det godt på skulen. Og

ho gler seg til å koma til byen for

å gå på vidaregåande. Der kan ho

byrja på nytt blant menneske som

ikkje kjenner henne frå før. Men

kjensla av ikkje å høyra til nokon

stad følgjer med henne. Etter

kvart utviklar Borghild ein sjukleg

trong til både å oppspore og slå

ned på mobbing i nærmiljøet. Då

møter ho seg sjølv i døra. Ho blir

sjølv ein utstøytar.

Boka har fleire klare motiv

i tillegg til det å bli støytt bort:

Konfliktar mellom generasjonar

og i ekteskap, likestilling og ikkje

minst motsetningar mellom bygd

og by, for å nemne nokre. Men

det lar me liggje her.

Hjorteland skriv lett, har ein

rik fantasi og presenterer personane

på ein lun, men treffande

måte. Språket er freidig, som til

dømes fyrste setninga i boka:

«Ein fis smyg seg ut mellom dei

tjukke rumpeballane til vaskekona

på skulen idet ho bøyer seg

ned».

Men etter mi meining blir det

for mange konfrontasjonar i den

siste halvdelen av boka. Sjølv om

det er ein ny situasjon kvar gong,

føler ein at det blir nærast oppatttak.

Ein strammare komposisjon

her ville boka tent på.

Omtalt av Lidvard Hytta

> aktuell Bok

utstøytt

Av: Heidi Hjorteland

429 sider

Wigestrand Forlag

«Heller ikkje lærarane er fri frå

fordomar.»

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!