17.02.2013 Views

Utdanning_08_10

Utdanning_08_10

Utdanning_08_10

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utdanning > nr 8/23. april 2010 innspill.

Lærarar utan språk

> Kva språkopplæring får eigentleg dei komande grunnskulelærarane og

lektorane i utdaninga si? Me ser diverre ein tendens til at utdaningslaupa

skal gå fortare og at det vert lagt meir vekt på fagleg fordjuping i lærarutdaningane.

Det tyder i mange tilfelle at språkopplæringa vert gløymt,

og me får lærarar som er sterke faglege, men som ikkje meistrar norsk

godt nok.

Mangelen på språkopplæring vert mest synleg når undervisningsspråket

er nynorsk, sidan dei fleste kan bokmål best frå skulen. Opptakskravet på

lektorprogrammet i Oslo er frå 2008 karakteren 3 i norsk frå vidaregåande

skule. Dette er då snittet av hovudmåls- og sidemålskarakteren, som tyder

at ein kan ha karakteren 2 i nynorsk eller bokmål. Før 2008 var det ingen

krav til dugleik i norsk.

Når norskopplæringa er fråverande gjennom heile eller storparten av

utdaningslaupet, seier det seg sjølv at me utdanar mange lærarar som er

altfor dårlege i norsk til å vera trygge i skriftleg formidling. Med Kunnskapsløftet

skal alle faglærarar vurdera språket til elevane når dei set karakter. Eg

undrast over korleis ein naturfaglærar som sjølv har karakteren 2 i nynorsk,

skal kunna retta og vurdera språket til nynorskelevane sine.

Mykje av problemet for underskotet på nynorskkompetanse ligg i sentraliseringa

av utdaningsinstitusjonane. I byane tenkjer dei lite på at mange

av studentane kjem frå nynorskområde og truleg skal arbeida på nynorskskular.

Mange som har hatt bokmål som hovudmål, eller ikkje kjem frå

nynorskområde, skal òg arbeida på nynorskskular, men det tenkjer ikkje

dei som har spikra saman lærarutdaningane i byane på. Dei tek i alle fall

ikkje omsyn til det.

Ein telefon til Universitetet i Stavanger syner kor ille det kan verta. Universitetet

har nett fått seg grunnskulelærarutdaning for 5.–10. trinn, der

norsk ikkje inngår som obligatorisk faggruppe. Dei studentane som ikkje

vel norsk, får inga opplæring eller vurdering i nynorsk eller bokmål. Eg

spør kva eg då gjer om eg føler at eg ikkje meistrar nynorsk godt nok til

å undervisa. Dei svarar at det ikkje er deira ansvar og skjøner heller ikkje

problemstillinga, sidan eg skal undervisa i faget mitt, og ikkje i norsk. Dette

er eit døme på inkompetanse.

Ei vel så viktig utfordring er konkurransen mellom universitet og høg-

44

Av: Maria Svendsen

> leiar i Norsk Målungdom og lektorstudent

ved Universitetet i Oslo

skular. Generelt er lærarutdaningane på høgskulane meir yrkesretta enn på

universiteta. Universiteta kan på den andre sida freista med meir valfridom

og fleire fag. I Oslo er det studentar som vel universitetet framfor høgskulen

for å sleppa språkopplæring og spesielt nynorsk. Dei ser ikkje nytta av

språkkompetanse før dei hamnar i ein situasjon dei ikkje meistrar. Denne

motivasjonen er med på å oppretthalda den låge kvaliteten på lærarutdaningane

ved universiteta, sidan mange studentar vel den enklaste vegen.

Nett no vert forskrifta til lærarutdaning ved høgskulane handsama. Det

er eit godt framlegg som ligg i bordet, der opplæring i bokmål og nynorsk i

utdaningslaupet vert vektlagt. Ved universiteta er det vanskeleg å gjera noko

tilsvarande, mellom anna på grunn av den store fridomen til dei einskilde

universiteta. Studentane vert heller ikkje samla på same måte som ved

høgskulane, og det kan verka praktisk utfordrande å gjennomføra ei felles

språkopplæring. Kanskje burde ikkje universiteta ha rett til å uteksaminera

lærarar, men heller stå for den faglege djupna om ikkje dei kan tilby opplæring

i undervisningsspråket.

Det kan verka som om lærarutdaningane har gått over stokk og stein

dei siste åra og at dei no har nådd eit lågmål. Det finst berre éin veg herfrå,

og han går oppover. Noko anna ville vore uhøyrt. Alle lærarar må kunna

eit minimum av både nynorsk og bokmål, alt anna er respektlaust overfor

elevane. Elevane har rett til å velja opplæringsspråk i alle fag, ikkje berre

i norsk. Då må alle lærarar på alle trinn vera i stand til å gje elevane den

undervisninga dei har krav på.

«Alle lærarar må kunna eit minimum av både nynorsk og bokmål, alt

anna er respektlaust overfor elevane.»

Foto: Norsk Målungdom

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!