17.07.2013 Views

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Biletet til høgre: Biskop Jacob Neumann.

Hyrdebrevet hans om utvandringa møtte

motstand frå mange utvandrarar, også

frå ein representant for det nye norskamerikanske

presteskapet, Paul Andersen

Nordland. Litografi frå 1848 utført av A.

Giere etter maleri av J. Görbitz, 1837 /

Nasjonalbiblioteket, Biletsamlinga.

Hans Barlien var stortingsmann

dei første åra etter 1814. Han ville ta

røysteretten frå embetsmennene fordi

dei skulle vera tenarar for folket. Om

dette fekk han trykt ein artikkel i Det

Norske Nationalblad i 1817. Rettsleg

tiltale hindra også Barlien – nett som

Bru eit par-tre år før – frå å få føra vidare

stortingsarbeidet, eit verv Hans Barlien

hadde som mål å bringa fram til politisk

leiarskap for bondestanden. I staden blei

han politisk passivisert. Like fullt nytta

han seg av trykkefridomen. Så seint som

året før han emigrerte, publiserte han

eit skrift på 128 sider med merknader

til Grunnlova. Her heldt han fram motstanden

sin mot embetsmannsstyret og

hevda at det ikkje var tatt tilstrekkelege

konsekvensar av folkesuvereniteten og

sjølvstyret som Grunnlova innebar. 3

Faktum må ha vore at Barlien drog

til Amerika i formannskapsåret 1837

ganske desillusjonert og skuffa over at

fridomsideala i Grunnlova i alle høve så

langt ikkje hadde blitt etterlevde i praktisk

politikk og styring.

Hyrdebrevet og «motbrev»

Kyrkja deltok også i argumentasjonen

mot det utløpet folk bokstavleg tala

kunne finna i å utvandra til USA. Biskop

Jacob Neumann sitt hyrdebrev, også

kunngjort i 1837, har ein argumentasjon

som byggjer på ei tradisjonell oppfatning

om at i eit standssamfunn burde

folk halda seg til sin rette stilling og stad,

altså innordna seg både i samfunnet og

i geografien. Biskopen var motstandar

av religionsfridom og like eins nye retningar

i kyrkjelivet, også haugianarane

gjekk han til angrep på. 4

Mindre kjent enn hyrdebrevet til

Neumann, er det «motbrevet» den norskamerikanske

kyrkjeleiaren Paul Andersen

Nordland skreiv. Nordland utvandra

frå bygda Vats i Rogaland i 1843, etter å

ha vore lensmannsdreng der ei tid. I det

han skreiv, som også blei publisert her i

landet, heldt han fram at utvandring i og

for seg var både rettkome og naturleg. 5

Han meinte både historia og fornufta tilsa

det. For presten Nordland fall det naturleg

å sjå dette i eit religiøst perspektiv:

Guds gode gåver er strøydde ut over den

ganske jord. I det kan ein ikkje unngå å

sjå kor mykje godt og vist han ønskjer:

Heile jorda skal fyllast av folk, alt skal

koma menneska til gode. Og økonomisk

vurdert var heller ikkje ønsket om å betra

kåra sine i seg sjølv forkasteleg. Igjen ser

han det heile i religiøst lys og seier at

trongen til utvandring heller var å rekna

som eit vitnemål om menneskets udøyelege

del, som alltid trakta etter noko

betre – noko større og edlare.

Nordland er blitt karakterisert som ein

«rosemålar» av «the American system». 6

Han sette prinsippa om fridom, likskap

og brorskap i den amerikanske konstitusjonen

opp imot den norske grunnlova:

TEMA: UTVANDRING

«Mottoet er fridom, men likskap er utelate

og difor kan ikkje verkeleg brorskap

eksistera.»

Lesande emigrantar

Korkje verkeleg fridom, likskap eller

brorskap? Var det slik det norske samfunnet

etter 1814 arta seg for mange av

utvandrarane? Kan utvandringa deira

altså verkeleg sjåast som ein reaksjon

på at spranget mellom ideala i Grunnlova

og den politiske røyndomen var

for stort?

Paul Andersen Nordland var ein vanleg

godt opplyst utvandrar. Det er fortalt

om han at han hadde lært seg litt engelsk

før han drog. I dag veit me at lese- og

skrivekunna – «den låge danninga»

– blant vanlege folk var langt meir utbreidd

enn kva tidlegare oppfatningar

har vore. 7

Noko av det me kan rekna med at folk

Lokalhistorisk magasin 4/06

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!