17.07.2013 Views

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Biletet til venstre: Kopi av ein av Kvalsundbåtane.

Foto: Sunnmørsposten, teke

i 1970-åra.

Sporstøl si kyndige leiing, vart Herøy

kystmuseum ein realitet.

«Fylkeskonservator Birgitta Rønnestad

stod for den offisielle opninga

av Herøy kystmuseum. Deretter var det

offisiell overlevering av kystmuseet frå

styreformannen i sogelaget til styreformannen

i kystmuseet, Roald Sporstøl»,

heiter det i årsmeldinga for Herøy sogelag

i 1981. Overleveringa fann stad på

Herøystemnet den 8. juni 1981.

I dag er denne perla ein del av paraplyorganisasjonen

Sunnmøre museum,

men Herøy sogelag nyttar staden til sitt

årlege friluftsstemne, Herøystemnet,

med gudsteneste på kyrkjetomta frå

middelalderen og hovudstemne på sjølve

gardsplassen.

Dei siste 15 åra har det også kvart

år vore framført eit historisk spel på

Herøy, Kongens ring, bygt over kong

Olav Haraldsson si vitjing på øya i 1023.

Forfattaren heiter Rolf Losnegård, og

skodespelaren frå Herøy, Gerald Pettersen,

har kvart år hatt ei god hand med

spelet som regissør. Med førsteklasses

musikk av herøykomponisten Svein

Møller kan Herøyspelet med rette kallast

ein vikingmusikal. Det viktigaste er

likevel at denne tilskipinga er ein kjempedugnad,

der born, ungdom og eldre

arbeider saman og gjer ein stor innsats

saman med profesjonelle skodespelarar i

sentrale roller.

Andre store prosjekt

I Hallvard Leinebø si tid som leiar fekk

sogelaget bygd kopiar av Kvalsundbåtane

frå 600-talet. Arbeidet vart utført av

den kjende båtbyggjaren Sigurd Bjørkedal.

Den største båten er nå på Sunnmøre

museum i Ålesund, medan den minste

er Herøy kystmuseum sin eigedom og

såleis på plass i heimkommunen.

På Herøy stod der tidlegare ei steinkyrkje

frå mellomalderen. Denne kyrkja

vart riven i 1859, og ei ny trekyrkje vart

reist litt lenger sørvest på kyrkjeberget.

Den store draumen var og er å få den

gamle steinkyrkja oppatt slik den var.

Mykje av steinen ligg i den gamle

kyrkjetomta frå trekyrkja, som vart riven

i 1916, og i steingarden rundt gravplassen,

men det er likevel eit kostnadskrevjande

prosjekt å gjenreise dette bygget.

Hallvard Leinebø arbeidde mykje

med saka, men etter råd frå riksantikvaren

vart det i fyrste omgang til at

den gamle kyrkjetomta vart utgraven,

omkrinsen markert med steinheller, og

steinaltaret vart plassert på sin rette

plass. Slik vart dette eit synleg minnesmerke,

og ein framifrå stad for friluftsgudsteneste

i samband med Herøystemnet

og Herøyspelet.

Sogelaget sin aktivitet dei siste åra

Herøy sogelag er ein ein vital 70-åring.

Av større tiltak siste tiåret kan følgjande

nemnast:

Laget har fått sitt eige rom i kjellarhøgda

på Ytre Herøy ungdomsskule.

Der har ein nå samla verdfullt historisk

kjeldematerial og sogelaget sine bøker

og tidsskrift for sal, og rommet vert også

nytta til styret sine møter.

Materiellet har vorte systematisert og

HISTORIELAGENE

katalogisert, eit arbeid Per Ståle Moltu

har stått føre, og storparten av laget sitt

bilettilfang er nå digitalisert. Dette har

dei to siste åra gjort det mogleg å gje

ut ein biletkalender, Herøykalenderen,

der det i tillegg til kalendarium vert

presentert eit eldre bilete frå kvar av

dei 12 skulekrinsane i kommunen, eitt

for kvar månad. Glimrande samarbeid

med barneskulane i kommunen har ført

til at opplaga har gått greitt ut, og laget

har på denne måten skaffa seg litt ekstra

inntekt.

Eit stort og viktig løft var finansiering

og reising av byste over Bjarne Rabben,

noko laget makta å realisere i 2004, berre

eitt år etter at han gjekk bort. Bjarne

Rabben hadde sett djupe spor i så vel

fråhalds- som andre organisasjonar og i

kommunale samanhengar, så det gjekk

uvanleg greitt å få inn dei nødvendige

midlane.

For nokre år sida gav Bjarne Rabben

alt innhald i diktarstova si, det såkalla

Hønsehuset, til Herøy sogelag og Herøy

kystmuseum, og med unntak av ein del

manuskript og anna kjeldematerial, er

innhaldet av diktarstova lagra i hovudbygninga

på Herøy.

Der ligg det imidlertid ikkje til rette

for permanent plassering av samlinga,

og utfordringa vil vere og på ein eller

annan måte å gjenskape diktarstova slik

ho var. Etter at Herøy kystmuseum vart

ein del av den førnemnde paraplyorganisasjonen,

er det kanskje ikkje like beinkløyvt

å få til den heilt ideelle løysinga.

Etter sogelaget si meining burde

Hønsehuset gjenskapast som tilbygg til

låvebygninga på Herøy gard. Den datt

Lokalhistorisk magasin 4/06

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!