17.07.2013 Views

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Biletet til venstre: Askøy museumslag har

tillhald i den nedlagte sjoddifabrikken i

Strusshamn. Sjoddi er attvunne spinnemateriale

av naturfiberstoff.

1950-åra. Sjoddiproduksjonen vart meir

og meir ulønsam og til slutt innstilt.

Strandhus, gjestgiveri og fabrikkbygningar

vart litt etter litt tømde for aktivitet.

Forfallet sette sine merke. Det gav

støyten til at kulturen flytta inn, redda

bygningar og skapte liv i tomme lokale.

I 1992 inngjekk eigar av Arne Johannessen

Eiendom A/S og Askøy kommune

ein leigeavtale på 40 år for å bruke ca.

2000 m 2 av lokala i den tidlegare sjoddifabrikken

til kulturføremål. Aktivitetshuset

Shoddyen vart etablert. Askøy

museumslag var det første laget som tok

sjoddifabrikken i bruk. I eit samarbeid

med elevar og lærarar ved Askøy videregående

skole vart lokala sett i stand og

museumslaget sine medlemmer kunne

presentere utstillingar og leggje til rette

ulike arrangement som viser liv og levemåte

på Askøy i farne tider.

Litt etter litt flytta fleire lag og organisasjonar

inn i sjoddifabrikken der det no

er aktivitet dei fleste dagar i veka.

Innsamling av gamle fotografi som

Biletet under: Lekpredikanten Hans Nilsen

Hauge skaffa i 1803 kapital til å byggje

ei mølle i Strusshamn. Bygdemøllene

skapte ei industrireising i bygda inntil dei

vart utkonkurrerte av industrimøllene på

slutten av 1800-talet. Her ein rekonstruksjon

av Strusshamn mølle.

vart avfotograferte, forstørra og stilte

ut, saman med ulike ting under namnet

Bygda vår, gav laget ein god start.

Sidan 1991 har Askøy museumslag

årleg gitt ut Askøykalenderen, der ein

presenterer gamle fotografi frå ulike

bygder knytt til lokalhistoriske tekster

med ulike emne. Askøykalenderen har

vore den økonomiske berebjelken i arbeidet

til museumslaget sidan den første

kalenderen vart gitt ut i 1991.

I dag disponerer museumslaget ei

stor samling av gjenstandar, fotografi og

litteratur som speglar av gammal og ny

tid i Askøy kommune. Fleire og fleire er

merksame på det arbeidet Askøy museumslag

driv. Derfor får laget tilbod om

å overta diverse som eigarane vil kvitte

seg med. Dessverre er me komne i den

situasjonen at me i dei fleste tilfelle må

seie nei til å ta imot fleire ting på grunn

av plassmangel og mangel på tid til å ta

seg av materialet på ein skikkeleg måte.

Museumslaget sine medlemer har

også lagt ned mykje tid og pengar på å

pusse opp eit stort lokale der arbeidarar

i sjoddifabrikken sorterte filler i femti

år. Lokalet, som er kalla Møllesalen, er

i dag eitt av dei beste formidlingslokala

på Askøy, kanskje det beste, med moderne

audiovisuelle hjelpemiddel, godt

høgtalaranlegg, Internett, teleslynge og

piano. Kjøken med utstyr gjer at ein kan

dekke festbord til 80 personar. I tillegg

til at museumslaget disponerer eige forsamlingslokale

der det vert lagt til rette

HISTORIELAGENE

for ulike arrangement som gir inntekt,

vert lokalet leigt ut og er med og finansierer

litt av drifta i Askøy museumslag.

Ny aktivitet i den tidlegare sjoddifabrikken

har gjort Strusshamn til eit

levande kultursenter og eit viktig reisemål

på Askøy. Som eit resultat av alt

det arbeidet som er lagt ned, har Askøy

kommune i Strategisk næringsplan peika

ut området som eit satsingsområde.

For å koordinere dei mange ulike

kulturaktivitetane her, og betre samarbeidet

mellom lag og foreiningar, vart

Strusshamn kultursenter etablert i 2003

med føremål å verne og vidareutvikle det

unike miljøet rundt vågen i Strusshamn.

Erling Virkesdal er leiar av Askøy

museumslag.

Regionhistorie for

Hardanger

Hardanger Historielag har siden 1982 arbeidet

med planer om en regionhistorie

for Hardanger, men framdrifta har vært

noe uregelmessig. I 1998 ble det holdt

et seminar i anledning lagets 90-årsjubileum,

der bl.a. professor Ståle Dyrvik

så på regionhistoria som et spennende

prosjekt. Finansieringen av prosjektet

har vært en langvarig prosess, der det

har vært avsatt midler til et fond. Planlegginga

kom på sporet igjen i 2004 med

etableringen av ei arbeidsgruppe som

skulle legge fram forslag til vedtak på

årsmøtet i 2005. Her fikk styret fullmakt

til å bruke en million kroner fra fondet til

regionhistoria og arbeidsgruppa skulle

arbeide videre med prosjektet. Det anses

som viktig med ei regionhistorie for å

styrke Hardanger som region innad

og utad. Man tenker seg tre bind i alt,

med ca. 400 sider pr. bind. Skrivinga vil

foregå i tidsrommet 2006-2010, med utgivelser

i 2009-2011. Øvrig finansiering

vil bli forsøkt sikret ved bidrag fra kommunene

i Hardanger, fylkeskommunen,

banker, Norsk kulturråd, Opedalsfondet,

industri og næringsvirksomhet i regionen.

Et mulig overskudd vil bli brukt til å

lage en interaktiv nettversjon av verket,

med sikte på skoleverket.

Lokalhistorisk magasin 4/06

39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!