17.07.2013 Views

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

Lokalhistorisk magasin - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Biletet til venstre: Frå festgudstenesta

ved Ringebu Stavkyrkje. F.v.: Per Åsmundstad

med det norske flagget, Liv Edny

Holm med prosesjonskorset, Jon Ødegård

med USAs flagg og Einar Høystad med det

canadiske.

den og turar lokalt til setrar og rundt i

dalen. Ein dagstur til Vestlandet var og i

programmet. Fyrste kvelden var set av til

stor bankett på Gudbrandsgard Hotell.

Fyrste gudbrandsdølen som drog til

Amerika, var Jehans Nordbu frå Venabygd

i Ringebu i 1832. Han og familien

hadde ei dramatisk reise før dei til slutt

slo seg ned i Texas. Med bakgrunn i

Einar Hovdhaugens bok, Frå Venabygd

til Texas (Det Norske Samlaget 1975),

er det laga eit skodespel om Jehans som

vart framførd av amatørteaterlaget her i

tre kveldar.

Markedsføringa av Utvandrerdagene

var ei stor utfordring. Vi fekk laga ei internettside

som vi la ut på nettet samtidig

som vi sendte den som mail til dei fleste

Sons of Norway-lodgar i Amerika. Og vi

laga brosjyremateriell og programhefte i

samarbeid med RingebuPosten. Omlag

40 personar – dansarar, eit sangkor og

musikarar – reiste over ei veke hausten

2004 og heldt konsertar i dei norske miljøa

i Midt-Vesten. Nærare 1000 personar

møtte til saman opp på ni konsertar, der

vi i tillegg reklamerte for stemnet vårt.

Vi gjekk i samarbeid med Gudbrandsgard

Hotell, som var ein av våre hovudsponsorar,

og deltok med stand på Norsk

Høstfest i Minot, North Dakota.

Gjennom regionrådet for Midt-Gudbrandsdal

fekk vi økonomisk støtte slik

at vi lønna ein sekretær i 1/5 stilling i

vel eitt år. I tillegg var vi sponsa av det

lokale næringslivet.

Utvandrerdagene 2005 vart avvikla

i dagane 24. juni til 3. juli og vi rekna

med at bortimot 150 gjester frå Amerika

deltok. Erfaringa viste at få hadde høve

til å delta under heile arrangementet. Det

var særleg dei fire til fem fyrste dagane

at det var folksamt. Noen drog da heim

eller på andre kantar, og noen kom attende

og var med på avslutninga. Omlag

halvparten budde hos slekt og resten på

Biletet til høgre: Folder brukt i markedsføringa

av Utvandrerdagene.

ymse overnattingsplassar. To reiseselskap

hadde turar hit, Brekke Tours i

Grand Forks i Nord-Dakota i samarbeid

med Gudbrandsdalslaget i Amerika og

Juven Tours i Fargo.

Banketten var viktig for heile arrangementet,

og her var det meir enn fullt.

Likeeins var Ringebu Stavkyrkje overfylt

under festgudstenesta på engelsk,

der det var prosesjon med det amerikanske,

canadiske og norske flagget i spissen.

I det fine veret var det etterpå ei triveleg

stund i prestegarden med kaffe og

musikk. Jehans Nordbu-spelet hadde på

nær tre fulle forestillingar. Stykket vart

framførd på norsk, men her var det laga

eit engelsk resymé av handlinga som var

delt ut til utlendingane før forestillinga.

Kyrkjekonsertane var godt besøkt, mens

turane var noe blanda ettersom reiseselskapa

hadde sine eigne bussar, men det

var vi som la opp turane for dei også, og

vi stilte opp med guidar. Til Vestlandet

drog to fulle bussar, halvparten amerikanere

og halvparten nordmenn.

Einar Hovdhaugen skreiv i 1982 boka

Utvandringa til Amerika frå Ringebu,

som Ringebu Historielag ga ut. Hovudkjelda

til boka var politiprotokollane frå

ombordstigninga på Amerikabåtane i

Oslo. Før 1868 var prestens noteringar

i kyrkjeboka kjelde. Innleiingsartikkelen

vart omsett til engelsk i 1990 av Jannell

E. Sorensen og trykt som eit tilleggshefte.

Med den tilgangen vi har til kjelder

TEMA: UTVANDRING

idag, har Per Åsmundstad og Jon Ødegård

arbeidd med ei ny utgave av denne

boka. Nå er vesentleg nye opplysningar

komne med, og boka er utstyrt med eit

omfattande biletmateriale. Omlag 3900

namn på personar, store og små, er registrert

utvandra frå Ringebu i tidsrommet

1845–1930. Dette arbeidet vart ferdig

til stemnet, og ei bok på 300 sider vart

presentert under Utvandrerdagene. Alle

gjestene under banketten fekk eit eksemplar

som minnegave.

Rekneskapen viser ei omsetning på

omlag kr. 600 000,-, og i tillegg kjem ein

stor dugnadsinnsats. Markedsforeninga

som arrangerer Ringebudagane, melde

om rekordomsetning og hotella fekk ein

god del gjester i ei elles stille tid.

Tilbakemeldingane var berre positive

frå gjestene. Mange ville kome att til

eit nytt stemne, og andre har hørt om

Utvandrerdagene og vil gjerne legge

Norgesreisa si til eit nytt arrangement.

Det freistar derfor til gjentaking, men da

med eit meir kompakt opplegg over fire

til fem dagar. Det blir nå arbeidd med

eit slikt arrangement i 2007 i samarbeid

med Gudbrandsdalslaget i Amerika.

Mye markedsføring er alt gjort, og fornøgde

gjester er beste markedsføringa!

Jon Ødegård er sekretær/dagleg leiar

for Utvandrerdagene og redaktør for

Hemgrenda.

Lokalhistorisk magasin 4/06

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!