24.07.2013 Views

Vitskapsteoretiske stridsmål og ordskiftet om høgare utdanning i ...

Vitskapsteoretiske stridsmål og ordskiftet om høgare utdanning i ...

Vitskapsteoretiske stridsmål og ordskiftet om høgare utdanning i ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

problematikk som vedkjem forskarane sine relasjonar til samfunnet, det vil seia det emnet

ein studerer.

Erkjenning og interesse

På Voss avviste Skjervheim også det positivistiske kravet om at all vitskap skulle vera fri for

interesser og verdiar. Her mobiliserte han den tyske filosofen Jürgen Habermas sine nyare

undersøkingar av sambandet mellom erkjenning og interesse. 15 For Habermas er det

erkjenningsinteressene som skil dei tre typar vitskap. Kvar av vitskapane spring ut av ulike

erkjenningsinteresser og skapar difor ulike typar kunnskap eller erkjenning, kunnskap og

erkjenning som spelar ulike rollar i det menneskelege livet. 16

Ei type erkjenning er viktig for den tekniske kontrollen av naturen, denne tilfredstiller ei

teknisk erkjenningsinteresse. Denne typen erkjenning finn me i dei empirisk-analytiske

vitskapane, framfor alt naturvitskapane. Karaktertrekket er at dei søkjer det lovmessige.

Ei anna type erkjenning er viktig for forståinga av mennesket si plassering i kulturelle

tradisjonar. Denne tilfredstiller ei praktisk erkjenningsinteresse. Denne typen erkjenning finn

me i dei historisk-hermeneutiske vitskapar, framfor alt i humaniora. I humaniora søkjer ein

ikkje det lovmessige, men tolkar tekstar.

Ein tredje type erkjenning er viktig for mennesket sitt liv i samfunnet. Denne tilfredstiller ei

frigjerande erkjenningsinteresse. Denne typen erkjenning finn me i dei systematiske

handlingsvitskapar som statsvitskap, økonomi og sosiologi. Desse søkjer det lovmessige som

grunnlag for administrative og tekniske inngrep i samfunnet. Mennesket har ei interesse i

frigjering frå den tvang som ligg i samfunnsmessige lover, og eit behov for å kunna skilja

mellom kva som faktisk er uforanderlege lover for sosial handling, og kva som faktisk berre

er gamle vanar og fastfrosen ideologi. Den frigjerande erkjenningsinteressa dannar grunnlag

for ein kritisk samfunnsvitskap, eit medvitsgjerande arbeid som skal setja mennesket i stand

til å frigjera seg frå det tvangsmessige ved uforanderlege lover, ved innsikt i dei, og ved å

innsjå det falske lovmessige ved dei andre, og endre desse. Den kritiske samfunnsvitskap

driv altså ideologikritikk. .

Med Habermas si påvising av sambandet mellom erkjenning og interesse, stod dei

positivistiske krava om verdifridom i forskinga fram som ei mistyding. Sjølvsagt skal all

vitskap søka mot å lausriva seg frå individuell, subjektiv påverknad i forskinga og streva etter

ein overindividuell objektivitet i erkjenninga. Men erkjenningsinteressa som ligg i botn,

anten den tekniske, den praktiske eller den frigjerande, er kvar for seg berarar av verdiar.

Sanning og objektivitet vert slik fletta saman med erkjenningsinteressa.

15 Tiltredingsførelesinga til Jürgen Habermas i 1965 ved universitetet i Frankfurt am Main, bar namnet

”Erkenntniss und Interesse”. Kort og konsentrert inneheldt denne hans perspektiv på tilhøvet mellom natur-,

human- og samfunnsvitskap. Sidan utdjupa han synspunktet i ei heil bok med same namn i 1968 og det var

denne ferske utgjevinga Skjervheim kunne visa til på seminaret på Voss.

16 Framstillinga av perspektiva til Habermas byggjer på Teknikk og vitenskap som ”ideologi”, i Habermas (1969)

og Kjørup (2003), s. 96 – 103.

12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!