25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.4 Oversikt over

samlingane til musea i 2007

Norsk Kulturbarometer 2008 oppgir at i 2007 var det

samla registrert 748 450 gjenstandar eller objekt i

nordtrønderske museum. Nær 615 000 av desse var

fotografi. Om lag 99 000 var kulturhistoriske gjenstandar

og 39 000 var kunsthistoriske gjenstandar. Det var

samla berre 343 naturhistoriske gjenstandar, og det var

registrert 186 kulturhistoriske bygningar og 150 opne

kulturhistoriske bygningar. At det ikkje var registrert

arkeologiske gjenstandar har truleg samanheng med

at arkeologiske funn frå fylket går til Vitenskapsmuseet

ved NTNU, som til gjengjeld hadde til saman 1,2 millionar

arkeologiske enkeltgjenstandar frå Trøndelag i

2007. Samla sett plasserer samlingsnivået seg likt med

fylke vi gjerne samanliknar oss med, til dømes Sogn og

Fjordane.

3.5 Besøk

I følgje tal frå ABM-U, har besøket på musea i konsolideringsperioden

auka med 34 prosent, frå 4,3 millionar

per år i 2001 til 5,8 millionar i 2007. Musea i

Nord-Trøndelag har stabile og aukande besøkstal. I

2008 var besøket på vel 238 000.

Museumsbesøk

Institusjon 2008

Stiklestad Nasjonale Kultursenter AS 164 432

Museet Midt IKS 59 951

Saemien Sijte 801

Falstadsenteret 13 088

Sum 238 272

I følge Statistisk Sentralbyrå sine tal (NOS – kulturstatistikk)

var museumsbesøket i Nord-Trøndelag

på 260 000 i 2007. Same kjelde fortel at for 2001 var

besøkstalet 195 000. Differansen viser ei auke i besøk

på 32 prosent i perioden. Mens kvar nordtrønder gjekk

0,8 gonger på museum i 1997 i snitt, var snittet for

2007 på 2,0 besøk per innbyggjar. Slik er det grunn for

å hevde at Nord-Trøndelag har tatt ein forventa del av

den generelle auken i museumsbruk.

3.5.1 Barne- og ungdomsbesøk

Dei siste åra har det vore ein viss auke i tal barn og unge

som går på museum. Ei truleg årsak til auken kan vere

at fleire skuleelevar har gjennomført museumsbesøk i

regi av Den Kulturelle Skulesekken, noko som også blir

framheva i St.meld. nr. 22 (2008-2009). Musea melder

SIDE 12

at pågangen og interessa frå skuleklassar i grunnskulen

er aukande.

Museumsbesøk

Institusjon 2008

Stiklestad Nasjonale Kultursenter AS 56 013

Museet Midt IKS 20 357

Saemien Sijte 471

Falstadsenteret 5 629

Sum 82 470

Frå besøkstala for Falstadsenteret til dømes, ser vi at

skuleklassar på ungdomstrinnet utgjer det nest største

besøksgruppa med om lag 3000 deltakarar, nest etter

gruppa av generelle museumsbesøkande på om lag

4000. Saemien Sijte har den suverent største ungdomsandelen,

der over halvparten av dei besøkande er barn

og unge. Kystmuseet inkludert Norveg ved Museet

Midt, melder om ein stabil besøksandel av barn og

unge på 30 prosent over dei siste åra. Talgrunnlaget

og erfaringar seier oss slik at musea har ein forhaldsvis

høg del av barn og unge blant sine besøkande, men at

desse besøka i fyrste rekkje er knytt til museumsbesøk

i skuletida.

3.6 Forskjellar i kulturdeltaking i

Nord-Trøndelag

Det finst i stadig aukande grad dokumentasjon på at

kulturdeltaking forlengar livet og førebyggjer sjukdom,

og endåtil friskgjer frå sjukdom. Helseundersøkelser i

Nord-Trøndelag (HUNT), Europa si største befolkningsundersøking,

har på bakgrunn av dette fått i oppdrag

av fylket sitt folkehelseprosjektet FOLK2 å sjå på

kulturdeltaking i Nord-Trøndelag. Målet med undersøkinga

har vore å skaffe fram kunnskap om korleis

kulturaktivitetar fordeler seg over dei forskjellige regionane,

kjønnsmessig og sosioøkonomisk (gruppering

etter utdanning og inntekt).

I HUNT3 (2006-2008) svara nær 50 000 nordtrøndarar

i alderen 13-80 + på om dei i løpet av dei seks

siste månadane hadde besøkt museum, kunstutstilling,

konsert, teater, kino og idrettsarrangement eller gått i

kyrkja eller på bedehus. ”Museum, kunstutstilling” var ein

av kategoriane i undersøkinga. Informantane blei også

spurt om dei sjølv hadde delteke i foreiningsverksemd,

musikk, song, teater, kyrkjelydsarbeid, friluftsliv, dans,

trening og idrett. I tillegg blei informantane spurt kor

ofte dei hadde oppsøkt kulturinstitusjonar/arrangement

eller sjølv delteke i kulturaktivitet.

Museumsstrategisk plattform • Nord-Trøndelag Fylkeskommune

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!