museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
t.d. at ”Ungdomsrådene i hver kommune velger en representant

til de lokale museumsstyrene og at NTBUR velger representanter

til styrene for de konsoliderte enhetene.”

9.2 Felles museumskart

Felles museumskart kan ut frå høyringsprosessen tolkast på

to ulike måtar; 1) Drifts-organisatorisk; med tanke på

det vidare konsolideringsarbeidet, og 2) Meir vekt på

samarbeid/felles ansvar mellom dei ulike musea. Ved å

fortsette konsolideringsprosessen, kan fleire museum få

tilgang til fagleg tilsette med spisskompetanse, fagmiljøa

blir styrka, og musea kan få hjelp til betre administrasjon

og marknadsføring.

I høyringsrundane blir faren for å miste det lokale

eigarskapet og særpreget framsett som ei utfordring

ved Felles museumskart. Det blir framhalde som viktig at

sjølv om eit museum blir konsolidert eller inngår i eit

samarbeid med andre museum, bør det likevel ha eit

ansvar og ein rett til å ivareta sin lokale eigenart. Viktig

er også at ein ikkje mistar det frivillige engasjementet

for kvart enkelt museum, men ser dette som ein ressurs

det er viktig å vidareføre, uansett om museet blir

konsolidert eller ikkje.

Dei mange og ulike musea i Nord-Trøndelag utgjer

til saman éin stor kunnskapsbank, som ein ved auka

samarbeid kan gjere enno meir tilgjengeleg for publikum,

noko som blir framheva som eit fortrinn ved

Felles museumskart. Ein får auka forståing for dei ulike

historiene som dei andre musea sitt med, og ein kan sjå

seg sjølv som ein del av eller eit nytt innspel til ei større

felleshistorie.

Dei store avstandane i fylket og problem knytta til logistikk

er gjennomgåande nemnt som eit ei utfordring

i høyringsuttalene for å få til Felles museumskart.

Avstandane blir framhalde som ei synleggjering av kor

viktig det er å ivareta eit godt, desentralisert tilbod og

å styrkje samarbeidet mellom musea gjennom fagleg

utvikling. Det blir peika på at ny teknologi og sosiale

media også kan bidra til å løyse nokre av utfordringane

ved dette satsingsområdet.

9.3 Museum for alle

Turnébuss

Kor gamal må du eigentleg

vere for å komme på

museum?

Museum for alle blir i høyringsuttalane forstått som at

alle skal ha moglegheit til å ha nytte og glede av musea,

uavhengig av interesser, kjønn, geografi, alder eller

andre fysiske og psykiske føresetnader. Det blir i høy-

SIDE 25