25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

9

SIDE 24

Høyringsuttalar

Dei fleste høyringsinstansane uttalar at dei er glad for

at fylkeskommunen ønskjer å synleggjere og tydeleggjere

museumspolitikken og bidra til at musea si rolle i

samfunnet, som samfunnsaktør og regional utviklingsaktør,

blir tydelegare. Dei finn at dokumentet beskriv

no-situasjonen for musea i Nord-Trøndelag på ein

god måte og ønskjer å støtte opp om dei fire strategiske

innsatsområda dokumentet presenterer.

Fleire uttalar at dei aktivt ønskjer å vere

med å bidra til at musea utviklar ungt

eigarskap, får meir felles strategiar og

formidling gjennom kunnskapsbyggjande

fellestiltak og nettverk, blir

museum for alle og er i dynamisk

bevegelse knytt til det som rører seg

i samfunnet.

Enkelte uttalar at det er vanskeleg

å slutte seg til dokumentet fordi vegen

enno er lang før dei mange små musea,

utan tilknyting til dei større konsoliderte

musea, blir opplevd som ein akseptert del av det mangfaldige

museumsamarbeidet som blir drive på mange

plan i Nord-Trøndelag fylke. Fleire peikar på behovet

for vidare konsolideringsprosessar og problemstillingar

kring dette.

9.1 Ungt eigarskap

Ungt eigarskap blir i høyringsuttalane forstått som

at musea skal ha auka dialog med og involvering av

ungdom. Uttalane spriker litt med tanke på i kor stor

grad ungdommane skal involverast, men Ungt eigarskap

blir hovudsakleg presentert som eit positivt tiltak.

Det kan bidra til auka engasjement, aktivitet og fleire

besøkande til musea, samstundes som eit slikt satsingsområde

kan føre til at ungdom kan bidra i musea som

samarbeidspartnarar i utforming av både innhald og

form. Til dømes har mange ungdommar god erfaring

Ungdom sitt

”her­og­no”

engasjement kan vere

ein ressurs for musea.

med ny teknologi og sosiale media som t.d. Facebook

og Twitter.

I høyringsrunden vart det kommentert at ungdommar

er ei ustabil demografisk gruppe; ofte flytter dei pga.

utdanning, dei kan ha mange og andre interesser som

opptek tida deira, eller dei kan ha manglande erfaring

og kunnskap som fører til kortsiktig planlegging.

Det vart samstundes peika på at eit

”her-og-no”-engasjement kan òg vere

ein ressurs for musea. Dette må sjåast

i samanheng med at musea ikkje skal

overstyrast av ungdommeleg initiativ;

musea sjølve er framleis ansvarlege

for å sikre det faglege innhaldet og

økonomistyringa, og såleis også langsiktige

planar.

Ulike haldningar og ønske i ulike generasjonar

er naturleg, og dette har vorte

framheva som ein mogleg trussel mot Ung

medverkad som satsingsområdet. Nokre finn det viktig

å understreke at intensjonen er at alle aldersgrupper

skal bli høyrt, og at ei satsing på Ungt eigarskap ikkje skal

gå på bekostning av dei eldre – også dei er viktige for

musea, både som publikum, kunnskapskjelde og frivillige

hjelparar. Mellom anna har enkelte høyrings uttalar

peika på at museum kan fungere som ei bru mellom

generasjonar.

I fleire av høyringsuttalane blir det sagt at det kan vere

ressurskrevjande å tilrettelegge for Ungt eigarskap. Her er

det samstundes viktig å synleggjere at ungdom kan vere

ein positiv faktor for musea. Ei om- og opp-prioritering

av ressursar til Ungt eigarskap kan tilføre musea nye ressursar

i form av auka aktivitet, fleire besøkande, nye

formidlingsarenaer og framtidige tilsette. Dersom ein

opnar ein større del av museumsområdet for ungdom,

kan det i sin tur auke interesse og initiativ frå ungdommane

sjølve. Eit museum foreslår i sin høyringsuttale

Museumsstrategisk plattform • Nord-Trøndelag Fylkeskommune

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!