25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

5.2.1 Museum, kulturbasert næring

og kulturn æringar

Reiselivet sitt samarbeid med musea vil truleg bli

ei viktig side ved framtidig verksemd i musea, fordi

reisemålet museum ser ut til å bli viktigare for familiar,

vaksne og eldre. Historiske Trøndelag er blitt fyrtårn

i den nye reiselivssatsinga i Trøndelag (Reiselivsstrategi

for Trøndelag 2008-2020). Frå kommunane blir det peika

på viktigheita av ei god fagleg forankring kor musea

baserer seg på kjernen i museet sitt virke meir enn

på reiselivet sine premissar. Frå kommunane har det

også blitt framhalde at musea i lag med eigarane må

ta vegval knytt til t.d. kor mykje ein skal involvere seg

i reiselivsarbeidet. Arbeidet i spennet mellom ”børs og

katedral” opplevast som krevjande. Det blir frå kommunane

stilt spørsmålsteikn ved kor langt ein skal gå

i ”børsen” si retning. Dette gjeld også for utprøvinga

av samarbeidet mellom kultur og næring på andre

område.

Kunstmusea er på veg til å bli konsolidert

i lag med dei historiske musea,

samstundes som det er blitt større

merksemd på musea som ein arena

for kulturnæring. I ei tradisjonsbunden

forståing av kulturnæring kan

ein tenkje meir sal og overskot i museumsbutikken,

overrisling av kulturaktivitet

på transport og overnattingsverksemder

i nærområdet osv. Ei anna, men

meir utfordrande forståing av kulturnæring er

å gjere museet til næringsarena for andre kulturaktørar.

Eit viktig mål for musea vil vere å få nye yrkesgrupper

frå kulturfeltet integrert i museet sitt arbeid med

å formidla kultur, til dømes gjennom aktiv bruk av ny

kunstproduksjon som del av museet sine samtidskommentarar

i nye utstillingsproduksjonar.

5.2.2 Regionale forteljingar

og regionen sine forteljingar

Slik det er blitt peika på i kapittel 3.1 om aktørar og

ansvar i musea i Nord-Trøndelag, så har dei ulike musea

ansvar for ulike geografiske og tematiske område av

kulturhistoria i fylket. Det vere seg kystkultur, skog og

skogbruksnæring, høvdingsete og landbruk, sørsamisk

kultur, fotohistorie, menneskerettar, Olavsarv, bergkunst

eller kunst- og musikkhistorie. Nokre av desse

oppgåvene er i tillegg til det regionale ansvaret, også

nasjonale og endå til internasjonale ansvarsområde.

I dette dokumentet er det viktig å peike på at det kan

liggje ein fare i at kvart enkelt museum går for langt inn

i sine tematiske og tidsmessige val. Musea skal ivareta

både dei lokale og regionale forteljingane, samstundes

som dei samla skal ivareta heile regionen Nord-Trøn-

Ei anna

utfordrande forståing av

kulturnæring er å gjere

museet til næringsarena

for andre kulturaktørar.

delag (og som nemnt ovanfor i nokre tilfelle nasjonen)

sine forteljingar. Nord-Trøndelag er eit fylke med ei rik

kulturhistorie i fleire historiske lag, noko som kan gi

utfordringar for musea i deira historiske både vertikale

og horisontale formidlingsval. Kva tema skal formidlast

og frå kva tidsepoke i historia? Etter museumsreforma

kan det vere ei utfordring å få til ein heilskapleg museumspolitikk

i Nord-Trøndelag, samstundes som kvart

enkelt museum får teke vare på sin eigen identitet og

utvalde ansvarsområde. Svaret på denne utfordringa

ligg naturleg i eit godt samspel mellom musea, og

mellom musea og andre ivaretakarar av kulturhistoria

i fylket.

5.2.3 Arkiv, bibliotek og museum i samspel

Arkiv, bibliotek og museum er enkeltståande kulturinstitusjonar

som står i nært slektskap.

Gjennom reformarbeidet som har pågått det

siste tiåret, har det vore ein sterk intensjon

om å sjå på ABM-området i sin heilskap

med mål om å få til eit forsterka

samarbeid mellom arkiv, bibliotek og

museum. Fylkesbiblioteket i Nord-

Trøndelag har hatt eit koordinerande

ansvar for eit slikt samarbeid. Etter

reforma har ein brukt mest tid på

organiseringsspørsmål i dei nordtrønderske

musea. Det er ei utfordring framover å

få til eit betre samarbeid innafor heile ABMområdet.

Utvikling og oppstart av Nord-Trøndelag

arkiv- og museums deponi i tillegg til eit sterkare søkjelys på

digitalisering og eit digitalt ABM-samarbeid, vil vere

gode fyrste steg for å møte denne utfordringa.

I balansen mellom musea sine oppgåver med å samle

inn, ta vare på, dokumentere og formidle kulturhistoria,

blir det av fleire museum peika på at dokumentasjons-

og forskingsarbeidet lett kan bli nedprioritert.

Prioritering av ressursar til auka forskingsaktivitet

innafor musea er ei utfordring. Det har også blitt peika

på at det i eit tettare samarbeid mellom musea og kulturminnevernforvaltinga

i fylket ligg eit formidlingsmessig

potensiale for musea.

5.3 Museum som samfunnsgode -

samfunnspolitiske

utfordringar

Nord-Trøndelag er eit kulturfylke, men undersøkingar

frå HUNT3 viser at ikkje alle har tilgang til dei kulturelle

godane. Det er ei utfordring for musea å ta imot

alle grupper i samfunnet, særleg dei som er uvant med

å bruke musea. Det kan vere grupper av menneske som

ut frå fysisk tilrettelegging ikkje opplever open tilgang

SIDE 17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!