museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
10

SIDE 30

Konklusjon

Musea sin status og rolle som samfunnsinstitusjon er

i endring både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Eit

velfungerande museum som kunnskapsinstitusjon og

som kulturell møteplass trer fram som eit stadig viktigare

samfunnsgode.

Intensjonen med museumsreforma på 2000-talet har

vore å styrkje musea sin faglegheit gjennom konsolidering,

forstått som samarbeid og samanslåing. Frå staten

ved ABM-U kjem nå signala om at musea framover

i sterkare grad må utvikle strategiar for ei styrkja og

tydeleg samfunnsrolle med fokus på innhald og formidling

i rolla som samfunnsaktør. Museum med ei tydeleg

samfunnsrolle blir definert som dynamiske, reflekterte

Tre på vandring

Det har blitt fløyta og frakta

tømmer på elv og sjø til Spillum.

Visste du at det har blitt frakta

vidare som bygningsmaterial til

hus langs heile

nordlandskysten?

og utfordrande museum som stiller spørsmål og sporar

til debatt, og som erkjenner og handterer ulikskap.

Kultur for alle er dei siste åra blitt tydeleggjort som

statlege og regionale mål for kulturpolitikken både ut

frå målet om ei rettferdig fordeling av samfunns godar,

men også ut frå kunnskap om kulturell kapital og

samanhengar mellom kultur og helse.

Trass intensjonen om eit endra fokus frå organisering

til innhald i museumsreformarbeidet, så har det

i prosessen med utforminga av den museumsstrategiske

platt forma for Nord-Trøndelag fylkekommune,

komme fram informasjon som synleggjer at spørsmålet

om framtidig organisering framleis

er aktuelt. Dette fordi det er

tydelege samanhengar mellom

museumstilbodet i kommunar

utan konsolidert museumsdrift og

dei små musea sin situasjon etter

museumsreforma, og HUNT3

sine funn om skeiv fordeling av

kulturgodane i fylket.

Besøkstala frå dei konsoliderte

musea syner at folk i Nord-

Trøndelag går meir på museum

enn før. Men, HUNT3 synleggjer

ei skeivfordeling av museums-

og kunstutstillingsbesøk etter

geografi, inntekt, utdanning,

kjønn og alder. HUNT peikar

også på at tilgang styrer deltaking.

Dette kan ein sjå att i oversikta

som viser at dei sju kommunane

med konsolidert museumsdrift

er blant dei ti kommunane som

skårar høgast på ”museums/

kunst utstillings-” besøk i HUNT3

Museumsstrategisk plattform • Nord-Trøndelag Fylkeskommune