25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

HUNT har no handsama

tala for vaksne frå 20 år

og oppover og finn stor

geografisk forskjell når det

gjeld det å ta i bruk kulturtilbod

eller sjølv vere aktiv

kulturdeltakar. Dei finn også

forskjellar etter utdanning

og inntekt, kjønn og alder.

HUNT sine data viser at dei

som bur i dei geografiske

sentrale kommunane i fylket

deltek mykje meir i kulturaktivitet

enn dei som bur i

kommunar med meir spreitt

busetnad og mindre sentralt,

noko som også samsvarar

med nasjonale tal

(jf. kap. 2.4). Funna i

HUNT3 gjeld både

kor mange av kommunane

sine innbyggjarar

som deltek og kor

ofte dei deltek. I sentrale

strøk er det fleire kvinner

som går på kunstutstilling,

museum, kino, teater og

konsert. Levangerkvinnene

har t.d. sterkast skår når

det gjeld å gå på kunstutstilling

og museum. Det

Duedtie

Sørsamisk saltflaske.

Kva slags treslag trur

du den er laga av?

same geografiske mønsteret som for kvinner gjentek

seg når det gjeld menn som kulturkonsumentar, men

med generelt lågare deltaking enn kvinner. Menn i kategorien

”utkant” i Nord-Trøndelag bryr seg imidlertid

tilsynelatande lite om å gå på museum eller teater med

Vikna som eit interessant unnatak. Her er det vert å

merke seg at senter – periferi variasjonar blir forklart

med at tilgjenge styrer deltaking og ulike lokale forskjellar

i forhold til ulike satsingsområde.

Dei sju kommunane i fylket som har konsolidert si

museumsdrift er alle blant dei ti kommunane som

skårar høgast på ”museums/kunstutstillings-” besøk i

HUNT3 undersøkinga. Dette gjeld både for kvinner

og menn.

Her er det samstundes verdt å merke seg at kategorien

”museums/kunstutstillings-” besøk i undersøkinga

truleg må forståast som besøk i eit definert museums­/

kunstutstillingslokale. Alle besøk til ”kulturminne på

rot” i musea sitt eige eller formidling utanfor museumsbygningane

har truleg ikkje blitt oppført som

museumsbesøk.

HUNT3-undersøkinga viser at høgt utdanna går meir

på museum og kunstutstillingar enn andre. Dette samsvarar

også med nasjonale tal (jf. kap 2.4.) HUNT3undersøkinga

stadfestar at jo høgare utdanning og

inntekt, jo meir kulturelt aktiv er den enkelte. Det

gjeld både det å nytte seg av kulturtilbod og det å vere

aktiv sjølv. Funna er fyrst og fremst knytt til tradisjonell

”finkultur”. Kyrkjer og bedehus blir brukt av alle grupper

av folket, og når det gjeld å delta i foreiningsliv

synes også sosiale skilje etter utdanning og inntekt å

vere utviska.

Forskarane ved HUNT peikar på at m.a. svenske forskingsfunn

viser at det å gå på kunstutstilling og museum

har ein positiv helseeffekt, og synleggjer at det er viktig

å få fleire til å gå på museum, utstillingar og konsertar

både for at fleire skal få ta del i kulturarven, men også

ut frå helsemessige årsaker.

Fylkesråd for kultur i Nord-Trøndelag uttalar i ei

pressemelding av 16.10.2009 at det forskingsmessige

funna framover vil danne grunnlag for endå meir målretta

kultursatsing, slik at viktige kulturpolitiske mål om

kulturdeltaking for alle blir oppfylt.

SIDE 13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!