25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ingsrundane påpeika at universell utforming i nokre

tilfelle kan vere ei utfordring, t.d. for eldre bygningar,

men ved å bruke ny teknologi og nye media kan ein

opne til no utilgjengelege kjelder for nye brukargrupper.

Vandreutstillingar og samarbeid med ulike lag

og organisasjonar har også vorte nemnt som moglege

innfallsvinklar for å skape eit museum for alle.

Musea sin funksjon i lokalsamfunnet blir nemnt i nokre

av uttalane. Gode arrangement ved musea, som samlar

mange og ulike besøkande, skaper gode møteplassar.

Arrangement, som ikkje nødvendigvis er av museal

karakter, kan vere viktige rekrutteringsarenaer både

for auka besøk ved seinare høve og for potensielle

arbeidstakarar eller frivillige arbeidarar. Identitet og

tilhøyrigheit blir også framhalde som viktig. Her forstått

som det å ta vare på den lokale identiteten, samstundes

som ein kan sjå sitt lokale museum i ein større regional

og nasjonal samanheng.

SIDE 26

Pia Aune, Namsos Ungdomsråd

I høyringsrundane blir det sagt at ei satsing på museum

for alle kan krevje ressursar, både økonomisk, administrativt

og tidsmessig. Samtidig blir det nemnt at ein kan

oppnå større breidde i formidling, auka kunnskapsnivå

i befolkninga og få større spekter av besøkande. Ved

fleire museumsbesøk og fleire nye besøkjande på musea

kan ein få betre økonomi og gratis marknadsføringshjelp,

som igjen kan gi større handlingsrom for nye

satsingar.

I nokre av høyringsuttalane kjem det fram at ein fryktar

at satsinga på Museum for alle vil føre til eit utvatna,

utydeleg og kommersialisert museum, og at det kan

trua det faglege aspektet ved formidlinga. I høyringsrundane

har både forhistorie og samtidshistorie vorte

etterspurd, og balansen vil avgjere om ein klarer å nå

alle målgrupper. Det blir peika på at det museumsfaglege

omsynet må liggje til grunn, uansett om ein vil

ha ei ”klassisk” eller populærvitskapleg formidling.

9.4 Museum i bevegelse

Med Museum i bevegelse er det meint at musea skal vere

i ei dynamisk utvikling, der det er gjensidig påverknad

mellom musea og samfunnet kring dei. Dialogar

knytta til samfunnsspørsmål i tid og rom kan

påverke både form og innhald i musea si formidling,

og gjere musea stadig meir dagsaktuelle.

Museum skal vere gøy, og bør

innehalde ulike måtar å lære på, som

for eksempel kreative øvingar, føredrag,

praktiske demonstrasjonar og utprøvingar. Det

er kjekkare å lære sjølv enn å bli undervist. På

eit museum fekk dei i oppdrag å finne ut om ein

person på internett og lage ei digital forteljing og

eit radiointervju. Det er meir interessant enn

berre å gå og lese på veggane.

Musea kan i følgje høyringsinnspela

ha ei viktig samfunnsrolle, der dei

både kan sette eksisterande samfunnsproblem

under debatt, og

reise samfunnsproblem til debatt.

Musea bør vere tilpasningsdyktige,

slik at dei er i stand til å

spegle samfunnet kring dei,

enten det er lokalsamfunnet,

det regionale samfunnet eller

det nasjonale og internasjonale

samfunnet.

Museumsstrategisk plattform • Nord-Trøndelag Fylkeskommune

Ei viktig oppgåve

for musea si formidling

er “å

bevege” menneske

på det

kjenslemessige

planet. Gjennomgjenkjenning

på ulikt vis

kan menneska

sjå seg sjølv og

sine handlingar i eit

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!