25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

undersøkinga. Dette gjeld både for kvinner og menn. I

tillegg er det verdt å merke seg at dei fleste konsoliderte

museum ligg i fylket sine bykommunar.

Ei vidare konsolidering av museumsdrifta kor dei små

musea i fylket blir ivaretekne på ein slik måte at ein får

eit styrkja museumsfagleg solid tilbod til alle innbyggjarar

i fylket, trer fram som den viktigaste utfordringa

for museumsområdet i Nord-Trøndelag. Målet må

vere ei ivaretaking av dei små musea si rolle som lokal

identitetsberar og arena for tilhørigheit samtidig med

ei vidareutvikling av fagleg innhald innafor det konsoliderte

museumslandskapet. Ei ivaretaking av dei frivillige

kreftene i museumsarbeidet både kring dei små

musea og ved dei større konsoliderte musea må også

vere viktig del av dette arbeidet.

Samarbeid og samordning er elles viktige stikkord i all

museumsfaglig utvikling, for å skape eit felles museumskart

for Nord-Trøndelag der regionen si samla historie

blir ivareteken.

Ung medverknad har vore ei overordna politisk

målsetjing i Nord-Trøndelag over lang tid. Ei sen-

STRATegiSKe

iNNSATSoMRåde

tral utfordring i vidareutvikling av fylkeskommunen

sin innsats på museumsområdet kan formulerast i

spørsmåla om korleis ungdom kan bli meir delaktige i

museumsutviklinga i fylket, og korleis musea kan bli ein

naturleg arena for ungdom på fritida.

Ungdom etterlyser ei utvikling av musea som sosial

arena for ungdom i tillegg til rolla musea har som

kunnskapsarena. Ungdom meiner musea si marknadsføring

bør skje på arenaer og gjennom kanalar ungdom

brukar. Musea bør utvikle seg til å bli arenaer som er

fysisk meir opne, med meir tilrettelegging for aktivitet,

deltaking og eksperiment. Digitalisering og interaktivitet

er metodiske stikkord som blir etterlyst. Ungdom

opplever ikkje at dei har innverknad på museet sitt

innhald, at innhaldet i lita grad treff dei og at eigarskapet

til musea heller ikkje er tilstades. Formaliserte

møtestader mellom ungdom og museum har blitt

føreslått.

Fyljande fire strategiske innsatsområde blir føreslått

som grunnlag for fylkeskommunen sitt arbeid med

regional utvikling og framtidige driftstilskot for musea:

1) Ungt eigarskap

Nord­Trøndelag treng museum som inviterer til ungt eigarskap

gjennom innhald, formidling, og marknadsføring. Ungdom må få

rom for deltaking, utforsking og medbestemmelse. Musea må bli

opne arenaer og ein naturleg møteplass for unge.

2) Felles museumskart

Nord­Trøndelag treng museum som i museumsfagleg utvikling

nyttiggjer seg fellesskapsfortrinna og samarbeider om ansvaret

for å ivareta det totale historiebildet i regionen gjennom tidene.

3) Museum for alle

Nord­Trøndelag treng museum som opplevast tilgjengelege for

alle, også dei som er uvant med å bruke musea ut frå forskjellar

som utdanning, alder eller geografisk bustad.

4) Museum i bevegelse

Nord­Trøndelag treng museum som speglar dei endringane samfunnet

gjennomgår og som gjer nytte av kulturarven vår til å kaste

lys over samtida.

SIDE 31

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!