25.07.2013 Views

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

museumsstrategisk plattform - Nord-Trøndelag fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3

I Nord-Trøndelag tok konsolideringsarbeidet til i 2001.

Konsolideringsreforma var venta sluttført i løpet av

2009. Forhold som gjeld musea sin struktur, organisering,

samlingsforvaltning og drift er i grove trekk på

plass, men må vidareutviklast framover.

I Sør­Trøndelag fylke har ein nyleg fått dei fleste museum

konsolidert inn i eit museum etter statleg påtrykk. I

tillegg er fylka Sogn og Fjordane, Østfold, Vestfold og

Akers hus i prosess kring utgreiing av konsolidering til

eit museum i kvart fylke. Det er venta at fleire fylke etter

kvart vil komme til å fylje opp i same retning. I Nord-

Trøndelag har dette ikkje vore ei problemstilling.

3.1 Aktørar og ansvar

Musea i Nord-Trøndelag

Etter museumsreforma har ein i Nord-Trøndelag fått

eit geografisk konsolidert museumslandskap. Dei konsoliderte

(samanslåtte) museumseiningane har felles

styre og driftsadministrasjon med personell-, økonomi-

og fagansvar. I tillegg til felles driftsstyre har dei ulike

museumsavdelingane under den enkelte konsolidering

eigne eigedomsstyre. Til no har det i Nord-Trøndelag

ikkje blitt diskutert kor vidt det i framtida også kan vere

tenleg med eit felles eigedomsstyre for alle museumsavdelingane

under kvart av dei konsoliderte musea.

Det konsoliderte museet i sørleg del av fylket er kalla

Stiklestad Nasjonale Kultursenter AS, heretter kalla SNK,

og er ein felles driftsorganisasjon for tidlegare Stjørdal

museum, Levanger museum, Egge museum (Steinkjer)

og Stiklestad Nasjonale Kultursenter (Verdal). Nils Aas

Kunstverksted på Inderøy vart i tillegg frå 01.01.2010

del av denne konsolideringa. SNK-konsolideringa har

eit spesielt ansvar for å forvalte og formidle regionen

si kulturhistorie knytt til Olavsarv, bergkunst og jordbrukshistorie

med Olavsarven som ei utpeikt nasjonal

oppgåve. Blant museet sine gjenstandar er jekta Pauline,

eigd av stiftinga Egge museum, eit kulturminne frå

nyare tid med nasjonal status gjennom Riksantikvaren

si liste over verneverdige farty. Avdelinga på Levanger

har eit ansvar for fotohistorie for heile fylket. Konsolideringa

har elles gjennom FT-sak 31/06 og 06/50 fått

tildelt ansvaret for å utvikle og drifte eit felles arkiv og

museumsdeponi for alle musea og privatarkiva i fylket

(sjå også meir om arkiv og museums deponi under kap

3.1.4 Samlingsforvaltning).

Det konsoliderte museet i nordleg del av fylket, Museet

Midt IKS, heretter kalla Museet Midt, er ein felles

driftsorganisasjon for Kystmuseet i Nord-Trøndelag

(Vikna), Namdalsmuseet (Namsos) og Spillum Dampsag

og Høvleri (Namsos). Nord-Trøndelag Fylkesgalleri

(Namsos) vart i tillegg del av denne konsolideringa

frå 01.01.2010. Museet Midt har eit spesielt ansvar for

å forvalte og formidle regionen si kulturhistorie knytt

til kystmiljø, havbruk og skogbruk. Museet Midt har

ved sine avdelingar eit utpeika kulturminne og eit

kulturmiljø frå nyare tid med nasjonal status. Dampsaga

på avdelinga Spillum Dampsag og høvleri er eit

av ti industrielle kulturminne i Noreg. Øysamfunnet

Sør-Gjæslingan, kor avdelinga Kystmuseet eig 23 hus

i tillegg til tekniske anlegg som fiskehjell og kaiar, er i

ferd med å bli varig freda som kulturmiljø etter § 20 i

Lov om kulturminner.

3.1.1 Små museum

I 2003 laga Nord-Trøndelag fylkeskommune ein

museumsoversikt for fylket som viste 26 museum i flat

struktur. Etter reformprosessen har totalt sju kommunar

i Nord-Trøndelag konsolidert sine museum, eller

eit utval av desse. Forutan dei konsoliderte musea har

Meråker og Røyrvik små museum med fast tilsette,

organisatorisk underlagt kommunal drift. Ytterlegare

ti kommunar (sjå figur 3) har bygdemuseum utan fast

tilsette. Kommunane Namdalseid, Nærøy og Høylandet

har ikkje eigne museum. Her er det verd å merke

seg at Revyfaglig senter på Høylandet driv museal

verksemd på tema nasjonal revyhistorie, men er ikkje

definert som eit museum.

SIDE 7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!