26.07.2013 Views

Hefte 5 2013 - Lovdata

Hefte 5 2013 - Lovdata

Hefte 5 2013 - Lovdata

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

6. feb. Nr. 362 2013 871 Norsk Lovtidend

(3) Kvoteordning

BAS tar inn kvotestudentar etter tildelingskvoter frå Senter for internasjonalisering av høgre utdanning

(SIU).

Kapittel 3: Studieplan og studiegjennomføring

§ 3–1. Studieplan

Studieplanen ligg til grunn for masterstudiet og inneheld målsetjing og organisering av studiet med beskriving av

dei ulike fagområda. Styret vedtar studieplan for studietilbod i samband med etablering av nytt studietilbod som skal

godkjennast av NOKUT. Studiekvalitetsutvalet (SKU) vedtar endringar i studieplanen så framt desse ikkje medfører

vesentlege endringar i studiets målsetjing, innhald og ressursrammer. SKU skal rådføre seg med lærarråd.

§ 3–2. Semesterplan/kursbeskriving

Det skal utarbeidast semesterplan til kvart semester. På 1. avdeling vert det laga semesterplan for kvar klasse medan

2. avdeling skal ha plan/kursbeskriving for kvart kurs. I tillegg kursbeskrivingar med mål og innhald i høve til kriteria

for nasjonalt og europeisk kvalifikasjonsrammeverk.

§ 3–3. Opphavsrett

Eit prosjekt-, ein diplom eller masteroppgåve kan ikkje nyttast i konkurransar eller liknande som medfører

bedømming, eller på annan måte offentleggjering før sensur er gjennomført av BAS med mindre dette er spesifisert og

godkjent gjennom oppgåva sitt program.

Ein student har opphavsretten til dei åndsverk han eller ho skaper i overeinsstemming med lov om opphavsrett.

Åndsverk omfattar litterære, vitskaplege eller kunstnarlege verk av einkvar art og uansett uttrykksmåte og

uttrykksform. BAS føreheld seg retten til å gjere bruk av studentarbeid til utstillingar og undervisningsføremål i skulen

sin regi. I slike tilfelle skal studenten sitt namn oppgis. BAS kan publisere studentoppgåver eller studentarbeid på

internett så fremt studenten har gitt sitt samtykke. BAS sine rettleiarar har ikkje stilling som medforfattar til

studentoppgåver, men namn på rettleiarar skal gjevast opp ved offentleg bruk av diplomoppgåver. BAS eig 50 % i

studenten sitt studentarbeid/prosjekt gjort på skulen.

Studenten er sjølv ansvarleg for å innhente ev. patentrettar i sine oppgåver. Dette gjeld og i høve til

samarbeidsbedrifter.

Ein samarbeidsbedrift kan krevje teieplikt frå studenten i samband med ei studentoppgåve. Denne teieplikta må

ikkje være til hinder for sensorane i deira arbeid med bedømming av oppgåva.

§ 3–4. Studierett

1. Den som har stadfesta aksept av studieplass gjennom signert studiekontrakt, betalt studieavgift til skulen og

betalt semesteravgift til SIB får studierett til Bergen Arkitekthøgskole. Studieretten gjev rett til undervisning, rettleiing,

tilgong til bibliotek, verkstad og studieadministrative tenester.

2. Studieretten opphøyrar når:

a) Studenten har fullført studiet eller

b) BAS får melding om at studenten seier frå seg studieplassen eller

c) studenten i løpet av eit år ikkje har dokumentert aktivitet gjennom betalt studieavgift eller søkt permisjon eller

d) studenten har brukt opp sine forsøk til eksamen jamfør § 4–3 i denne forskrifta eller

e) når ein aktiv student ikkje har produsert studiepoeng i løpet av dei to siste åra. Styret fattar vedtak om tap av

studierett. Vedtak kan jf. § 5–1 påklagast. Vedtaket gjeld frå og med neste semester.

§ 3–5. Utdanningsplan

Alle studentar som vert tatt opp til eit studie på 60 studiepoeng eller meir skal ha ein utdanningsplan, ref. lov om

universiteter og høyskoler § 4–2. Utdanningsplanen er ein gjensidig avtale mellom studenten og BAS om plikter og

ansvar begge partar har for studenten sitt studie og plikter og ansvar studenten har overfor sine medstudentar.

Utdanningsplanen gjev innhaldet og progresjonen i studenten si planlagde utdanning.

§ 3–6. Permisjon

Studentar kan søkje permisjon frå studiet for eitt eller fleire semester. Søknaden må være administrasjonen i hende

innan fastsett frist for å oppnå fritak frå å betale studieavgift.

§ 3–7. Studieåret

Studieåret er delt i to semester. Haustsemestret varer frå medio august til 20. desember. Vårsemestret varer frå

primo januar til primo juni. Diplomsemesteret går fram til 30. juni.

Kapittel 4: Eksamen

§ 4–1. Eksamen og eksamensformer

Masterstudiet er 5-årig og organisert i to avdelingar, 3 år + 2 år. Studiet har tre hovudeksamenar. Ein i 2. klasse,

ein i 3. klasse som kvalifiserer for å studera vidare ved BAS og diplomarbeidet som avsluttande og kvalifiserande

hovudarbeid med eksamen etter diplomsemesteret. Kvart kurs i 2. avdeling vert og vurdert til bestått/ikkje bestått. I

tillegg kjem eksamen/prøver i teorifag (KTF).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!