26.07.2013 Views

Hefte 5 2013 - Lovdata

Hefte 5 2013 - Lovdata

Hefte 5 2013 - Lovdata

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

12. mars Nr. 363 2013 873 Norsk Lovtidend

Konsekvensen for studenten ved fusk/forsøk på fusk er annullering av eksamen og inntil eitt års utestenging frå

alle høgre utdanningsinstitusjonar, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4–7 (1) og § 4–8 (3). Sensurresultatet skal

setjast til «ikkje bestått» der det er dokumentert fusk eller forsøk på fusk. Alle saker der det er avdekka fusk eller forsøk

på fusk skal oversendast Styret for endeleg vedtak. Styret etterprøver bevismaterialet og annullerer eksamen dersom

dette er haldbart, og fattar vedtak om utestenging av studenten som følgje av fusk/forsøk på fusk ved eksamen. Vedtak

i styret om utestenging kan påklagast til departementet sitt særskilde nasjonale klageorgan, jf. lov om universiteter og

høyskoler § 4–8 (5).

§ 4–10. Klage over formelle feil ved eksamen

Ein student som har vore oppe til eksamen eller prøve, kan klage over formelle feil innan tre veker etter at ho/han

burde vore kjent med det forhold som ligg til grunn for klagen, jf. lov om universiteter og høyskoler § 5–2.

Klage over formelle feil skal framsetjast skriftleg til BAS sin studieadministrasjon.

§ 4–11. Klage over karakterfastsetjing – rett til grunngjeving

Ein student har rett til å få ein grunngjeving for karakterfastsetjinga av sine prestasjonar, jf. lov om universiteter

og høyskoler § 5–3.

Krav om grunngjeving for karakterfastsetjing og klage over karakterfastsetjing må framsetjast skriftleg til

studieadministrasjonen seinast tre veker etter sensur. Ved klage på karakterfastsetjing på gruppearbeid-/eksamen må

alle dei som er bedømt samla, samtykke i og skrive under på klagen.

Grunngjeving skal normalt gjevast innan to veker etter at kandidaten har bedt om dette.

Ved klage over karakter har studenten rett på ny sensurering av nye sensorar.

Karakterfastsetjing ved ny sensurering kan ikkje påklagast.

§ 4–12. Vitnemål

Vitnemål vert utstedt på norsk for studieprogram der undervisningsspråket er norsk. Eit eige vitnemålstillegg,

Diploma Supplement, gjev ein nærare beskriving på engelsk av kandidaten si utdanning i det norske

utdanningssystemet.

Det vert berre utstedt eitt vitnemål for oppnådd grad.

Rektor fastset utforminga av vitnemål og Diploma Supplement.

Kapittel 5: Andre vedtak

§ 5–1. Klager

Klage på vedtak i enkeltsaker rettast i første omgang til den/det organ som har gjort vedtaket. Dersom vedtaket vert

oppretthalde kan klage rettast til BAS si klagenemnd.

§ 5–2. Endringar

a) Bergen Arkitekthøgskole har rett til å setje i verk endringar i vedtak som gjeld for institusjonen, her under rett

til å endre studieopplegg, tid og stad for undervisning, lærekrefter, studieavgift m.m.

b) Endring av studieavgift skal godkjennast av Styret for Bergen Arkitekthøgskole.

c) Styret fastset etter drøfting og vedtak i lærarråd/SKU dei forskrifter og instruksar som gjeld ved Bergen

Arkitekthøgskole og kan gje utfyllande reglar innanfor ramma av denne forskrift.

d) Endringar i studieplanar skal godkjennast av styret eller det organ som styret gjev mynde.

e) Endringar skal gjerast kjent for studentane så raskt som mogeleg og på hensiktsmessig vis.

§ 5–3. Atterhald

Bergen Arkitekthøgskole tek atterhald om eventuelle trykkfeil i studieinformasjon, kursbeskrivingar, eksamensplan

og annan dokumentasjon som gjeld for det einskilde studiet.

§ 5–4. Ikrafttreing

Forskrifta trer i kraft straks.

Samstundes vert forskrift 26. august 2008 nr. 1205 for masterstudiet ved Bergen Arkitekt Skole oppheva.

12. mars Nr. 363 2013

Forskrift om studier og eksamen ved Lovisenberg diakonale høgskole AS (LDH)

Hjemmel: Fastsatt av styret for Lovisenberg diakonale høgskole (LDH) 12. mars 2013 med hjemmel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og

høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3–3, § 3–4, § 3–5, § 3–8, § 3–9, § 3–10, § 3–11, § 4–2, § 4–5, § 4–7, § 4–8, § 4–9, § 4–10, § 4–11,

§ 5–1, § 5–2 og § 5–3. Kunngjort 16. april 2013 kl. 14.15.

Kapittel 1. Generelle bestemmelser

§ 1. Virkeområde

1.1 Forskriften gjelder for studier og eksamen ved Lovisenberg diakonale høgskole.

1.2 Forskriften gir regler om studier og eksamen, samt krav for tildeling av grad.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!