30.07.2013 Views

Panorama - KKPorsgrunnvgs

Panorama - KKPorsgrunnvgs

Panorama - KKPorsgrunnvgs

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

124 Panorama

Essay – Paradokset «det dyrisk menneskelige»

Nansen meiner at friluftslivet fører oss attende til eit meir menneskelig tilvære. Det

sa han i «Tale for ungdom» i 1921. Det er hans synspunkt. Og for meg verkar det

umiddelbart heilt på trynet. Friluftslivet minner meg meir om å finne den dyriske sida

ved mennesket. Ordet friluftsliv forbind eg med det å fryse om natta, vasse i gjørme

og lyng og brake, og å ete usmakelig og for lite mat. Dette, saman med det å gå i

dvale og å ha hale, er det aller minst menneskelige eg kan tenkje meg.

Noko må ha endra seg sidan 1921, tenkjer eg, framleis spontant etter å ha lese

sitatet frå talen. Er det friluftslivet som har endra seg? I 1921 blei det kanskje rekna

som friluftsliv å stikke nasen ut gjennom ei opning i veggen og sniffe inn litt frisk

luft. Eg kan sjå det menneskelige i det; enkelt, raskt og effektivt.

Men no må eg trekkje inn fornuft og fakta. Skjerp deg, Christoffer, seier eg til

meg sjølv. Eg veit jo at før i tida var det ikkje så mykje frisk luft der det budde menneske.

Då heiv dei nemlig alt søppel og dovatn rett ut av vindauga. Like utafor husa

var der ein grusom stank. Men det var for lenge sidan. I 1921 hadde dei kanskje ordna

med eit kloakksystem. Det var trass alt etter den industrielle revolusjonen. Men

stanken hang kanskje i litt enno etter alle dei åra med kloakk rundt huset. Ein måtte

nok gå lenger for å finne fri luft (frisk luft).

Nansen gjekk ganske langt, kjem eg på etter å ha skjerpa meg nokre hakk. Han

har jo gått på ski. Eg har hørt rykte om opptil fleire polar. Der fraus han om natta og

åt dårlig mat, nett slik som i friluftsliv i dag. Og det er faktisk dette han meiner fører

oss til eit meir menneskelig tilvære. Dermed er eg tilbake til utgangspunktet.

Dette kjem til å krevje konsentrasjon. Korleis kan dyriske aktivitetar og omgjevnader

føre oss attende til eit meir menneskelig tilvære? Det er det vanskelig å fatte.

Men ofte må ein berre godta at det som er det mest ulogiske er rett. Det har eg allereie

i mitt korte liv opplevd utallige gongar. Døme på dette er at minus og minus blir

pluss, vatn (som er det våtaste eg veit) kan tørke ut huda mi, og utføring av usunne

aktivitetar som røyking, ekstremsportar, kroppslig forfall og enorm alkoholkonsumering

blir møtt med respekt og beundring. Det er ingen grunn til at friluftsliv skal

vere noko annleis enn alle desse døma. Min konklusjon blir dermed at friluftslivet tar

oss attende til eit meir menneskelig tilvære fordi det er det motsette at det som er

logisk.

… Nei, no må eg ha sovna att. Eg kan ikkje konkludere med at noko er rett fordi

det er ulogisk! Tenk korleis det hadde gått til, dersom eg overførte den tenkemåten

til andre område! Plutselig ville opp ha vore det same som ned, og fram det same som

attende. Etter kvart kunne det ha blitt normalt for meg å gå til skulen på hendene,

uansett vér(!) Dette må eg stogge før det breier om seg! For ein gongs skuld må eg

gå djupare inn i problemstillinga og gjere det ulogiske logisk.

Det er altså her konflikten tilspissar seg. Korleis kan det dyrisk primitive friluftslivet

gje eit meir menneskelig tilvære? Eg tenkjer så hardt eg kan, men ingenting med

meining fell meg inn. Lufta er tjukk som ertesuppe her inne. Eg må ut for å tenkje

klårare. Ut i frisk luft må eg.

Eg kler på meg og går ut. Det er kjølig, men klårt. Nysnøen ligg som eit kvitt

teppe over landskapet, loddent, mjukt over det som i går var ujamne knausar og

nakne tre. Eg vandrar i eit minutt eller to langs skogkanten. Det tar ikkje lengre tid

før sivilisasjonen er ute av synsfeltet mitt. Når eg ser bak meg, ser eg berre spora av

ecco-skoa mine, storleik førtito. Framfor meg finst det ikkje spor, ikkje ei einaste leiesnor

eller forslag til kor eg skal gå. Det er eg som tar avgjerda heilt åleine. Det kjennest

bra.

Idet sola nesten bryt gjennom det tynne, gråblå skylaget, trekkjer eg lufta gjentatte

gongar heilt ned i lungene og ut att. Landskapet er ljost og aude, og eg tykkjer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!