13.10.2013 Views

Målselv bygdebok

Målselv bygdebok

Målselv bygdebok

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

153

(stivdotter), Ragnhild Hansdotter og Sigrid Hansdotter. Denne Hans snakte godt nok med

Tylldals-Knut, so han fekk heile eiendomen mot å skaffe deim levebrød so lenge dei levde. Barna

til Tylldals-Knut reiste um ei tid til Amerika. Knut døde snart; men enkja levde fleire år etter.

Denne Hans Hanssen var ein storbrukar, kjøpte Jutulstad og heile Beinelvdalen uppyver.

Ei tid eide han også Moan. Seinare syntes «forstfolka» at han hadde for mykjen skog, og då tok

dei frå han mesteparten av furuskogen millom Jutulstad og Nerøyan (no Rutheim). Han hadde

en masse folk på gården, lauskarer og inderster, og med disse dreiv han gårdbruket. Sjølv var han

lite med i det daglige arbeide. Han berre såg til og komanderte. Ei tid var der 12 voksne kvindfolk

som stod under bestemor Ragnhild sin komando. Då hadde dei upptil 22 mjelkekyr, 4 hestar

og 40 småfe. Kort uppfyr husa var Råvatnet upp på Brannmoen. Det vatnet var kjent for sin

fine og feite røie, og mangei god fiskekokning tok Hans der,helst på garn; men det var eit rart

hende folk fikk smake den fersk. Det gjekk so mykje då, tykkte ho bestemor. Den vart helst

brukt som rakefisk; men helst då den finaste smaken var gått av han.

Hans Hanssen hadde høvdinge natur i sig. I brudlaup, barnsøl og gravøl var han alltid for-

sidder. Det var mest som ein sjølvsagt ting, og han vilde alltid vere med når der skulde skillinge

saman til eit felles fyremål. Seinare byrja han og å drive landhandel; men det vart han ikkje feit

av, so folk hermer etter svigersonen: «Oss tape på sukkere og oss vinn ikkje på såpa hell.» Då me

kom upp i 80-åra og Hans tok til å eldest, var det ikkje likare for han enn nett som det greide seg.

Han for også med og var doktor til stor forargelse for distriktslægene. Der vart og dikta ei vise

um dette; men jamin vart han ofte henta som ein annan doktor, og mange påstod han var til stor

hjelp. —

Då han i 92 døde 83 år gl. syntes han sjølv at han ha gjort mykje godt, det fortalde dotter-

sonen hans, han Hans Julius.

Ragnhild Taraldsdatter var dei ugande og snild kvinde som styrte sitt hus godt,

kastet intet bort, men var også godgjørende mot fattigfolk. Folk hadde elles den upp-

fatning at ho meinte det hjertelig uppriktig med sin religiøsitet. Ho var 92 år gamal da

ho døde 1898.

Eldste dottera som Ragnhild og Hans hadde saman, heitte og Ragnhild. Ho fikk ei dotter

Elen. Det var nok meiningen dei skulde gifte seg; men det vart ikkje noko av. Seinare kom der ein

Emort frå Gudbrandsdalen (død 1903 — 79 år gl). Han vart gift med Ragnhild. Dei fekk tvo

søner, Hans og Hans Julius. Den fyste døde tidlig. Emort vart aldri anna enn liksom gårdsdreng

åt Hans Hanssen. Og han var ein trurøken arbeider all sin dag. Men Hans Julius vart aldri holdt

til arbeid, då alt skulde gå etter Hans Hanssens fyreskrifter. Det var fela han putla med. Han

hadde godt anlegg for musikk og med tida var han ein dugande songinnstruktør. I so måte

gjorde han eit særs godt arbeid, so ungdomen skillingede saman og gav han ein væn pidestall.

Det næste han Julius (som han til vanlig vart kalt) viste lyst til, var skytning. Der var han støtt

med og vant sig en masse sylvsaker i skytterpræmie.

Då han i 90-årene gifte seg med Sevrine Hansdotter og faren og bestefaren døde mest

på same tid, og han skulde yverta styringa av gården, forstod han seg svært lite på det,

so det for ein stor lut vart yverlatt til kjeringa. Ho var nok arbeidsom på sitt vis; men med bare

kvinnfolkstyre på ein sopass stor gard, måtte eitt forfarast. Han solte og det meste av den glide

furuskogen på Brannmoen til staten for umkring 5000 krunor. Og kunnige folk har sagt at hadde

det vore 50 000 krunor, so hadde det vart nokon meining i det. Difyr sa også folk seinare at Julius

fekk no berre synge: «Herre jeg har handlet ilde.» I si tid fekk Julius bygd ei bra 2 høgders stove-

bygning; men ho vart aldri fult ferdig og er det ikkje endå. Fjøsbygningen som Hans Hanssen

hadde bygd sist i 1850 åra stod reint til nedfalls og er ikkje attereist den dag i dag. Sonen åt

Julius byrja samla på tømmer til fjøs; men det vart ikkje meir. I den siste tid var Julius syk.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!