29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Langt attende er det derfor vanskeleg å seia sikkert kva dødsårsakene

var. I kyrkjebøker og lensmannsprotokollar (5,6) finn vi rubrikk for diagnosar

ved dødsfall. For kyrkjebøkene gjeld dette nesten til midten av

førre hundreår, men den første tida galdt det berre for «Død af smitsom

Sygdom eller ved ulykkelig Hændelse». I dødsprotokollane frå Vaagøy

lensmannsdistrikt har eg ikkje hatt nytte av diagnoserubrikken lengre attende

enn til 1906. Ofte er denne rubrikk ikkje utfylt eller merka

«ukjent». Hyppig diagnose er «alderdomssvaghet», og bak denne nemninga

kan svært mange sjukdomar løyna seg. Tala er i alle høve minstetal,

men det er vel grunn til å tru at i epidemitider vart diagnosen oppførd.

Ein periode står det i kyrkjebøkene berre «død av sykdom». Noko

nyttig opplysning gav det også, for langtfrå alle døydde på sotteseng då

heller. Trafikkulykker var dei ikkje plaga av, og vald var sjeldan.

Derimot var drukning vanleg. Ikkje få gonger ser vi at heile båtlag

«blei» på sjøen. At nokon tok sitt eige liv hende også.

Dei mest pålitelege lokale kjeldene er medisinalrapportane frå

distriktslækjarane (7,8), som også var gode då distriktet var heile ytre

Romsdal. I protokollane frå helseråda (sundhedskomisjonerne) er det

også nyttige ting å finna ei stund attende (9). Ei rekkje andre kjelder har

vore til hjelp.

Svartedauden

Dette er den eldste, men også mest skræmande av kjende farsotter i vår

soge. Den vart også kalla mannedauen, digerdauen eller sotta. Det var

ein byllepest, valda av pestbasillen, men kunne også arta seg som lungepest.

Den herja blant rotter, og med lopper vart den overførd til menneska

(10). Pesten kom frå Kina, og etter karavanevegane nådde den

Konstantinopel i 1347. Til Noreg kom den i august 1349 med ei kogge

frå England. Skipet kom til Bergen, og heile mannskapet var døde eller

døydde like etter i hamn. Pesten spreidde seg fort. Den tok livet av

mellom 1/2 og 2/3 av folket i landet.

Det ser ikkje ut til å ha vore skrive noko særleg lokalt om svartedauden

i Romsdal, men den har nok spreidd gru og sorg her i bygdene som

andre stader der den for fram. Om vi finn lite skriftleg om sjølve sjukdomen

herifrå, veit vi litt om verknadene, i form av nedlagde gardar

(øydegardar) og dårlege økonorniske kår (11). Det ser ut som pesten

14 Gammalt frå Fræna 1984

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!