29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

hos oss var det mest av denne sjukdomen i 1950-åra. Tuberkulosen var i

sterk tilbakegang før krigen, men i krigstida kom det noko auke igjen.

Sunnare kosthald

Trass i auka sjukdom og død på grunn av epidemiar, var det likevel

færre dødsfall av sjukdom blant vaksne enn før krigen. Forklaringa på

dette er det endra kosthaldet. Sjølv om det vart i sparsomaste laget for

sume, var det ein stor helsemessig føremon med grovare brødmat,

mindre feitt og mindre sukker. Knapt med tobakk var det også. Særleg

hjarte- karsjukdomar og lungesjukdomar vart kraftig redusert.

Helsetenesta

Det var Odd Bryhni som var distriktslækjar i krigstida (1939 -45). Han

var ein god diagnostikar og vart ein populær lækjar blant bygdafolket.

Mange vil enno hugsa han for hans råkande replikkar. Det var ei krevande

tid med mange vanskelege avgjerder. Distriktslækjaren hadde

enno ikkje nemnande hjelpeapparat til rådvelde, men ein lette var det at

sjukehusbehandling hadde vorte meir tilgjengeleg for folket.

Helsetenesta i etterkrigsåra

Vårt land var utarma på mange måtar då krigen var slutt, og ei krevjande

oppbyggjingstid stod føre. Dette galdt også helsevesenet. Dessutan fekk

mange sosiale tiltak og trygdeordningar gjennomslag i denne tida.

Epidemiane var ikkje over. Hos oss var det særleg poliomyelitten som

herja. Dette galdt særleg 1950-åra, med topp 1952–1954. I 1956 kom

poliovaksina, og den sette ein stoppar for sjukdomen.

I denne tida fekk ein mange viktige medisinar, særleg mot infeksjonar.

Sulfonamid hadde ein hatt under heile krigen, og i 1945 vart penicillinen

tilgjengeleg i Noreg. I 1948 kom streptomycin, det første effektive

medikament mot tuberkulose. I tiåret 1950–1960 kom ei rad nye

antibiotika. Tidsbolken med dominans av infeksjonssjukdomar var no

over. I staden byrja sivilisasjonssjukdomane (hjarte-karsjukdom, kreft,

trafikkskader, miljøsjukdomar) å melda seg for fullt. Kosthaldet vart fort

endra etter krigen, og har noko av skulda for «nye» sjukdomar.

Narkotika var enno ikkje noko problem, men bruk av tobakk og alkohol

vart skuld i mykje vanhelse.

Helseteneste i utvikling 39

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!