29.07.2013 Views

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

Ottar Ødegård: Sjukdommar og helsestell i ... - Romsdal Sogelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

eidsoppgåva til laget var å skaffe sjukepleierske til bygda. Ei slik var

ikkje lett å få tak i, i alle fall ikkje fullt utlært. Med stønad frå landsforeninga

måtte lokallaget senda ei utvald kvinne på opplæring. Den

første pleierska var Anne Marie Hatle, og ho kunne byrja i arbeid alt i

desember 1918. Løna hennar var 600 kr.pr.år pluss hus, lys og brenne.

Anna og Albert Moen skaffa husvære, og for det tok dei kr. 50 pr år. Dei

leigde ut til sjukepleierske i 25 år.

Det kunne vera hardt å skaffa pengane som trongst, særleg dei første

åra. Også 1930-åra var ei vanskeleg tid. Det vart satsa på årlege basarar,

festar og kyrkjeofringar. Dessutan sal av maiblomar og julemerke, og

loddsal. Det hjelpte på inntektene då det kom kvinneforeningar i krinsane

som støtta hovudforeninga. «Søsterringen» i Malmefjorden gjorde

ein stor innsats i dei vanskelege 30-åra. Krinsforeninga i Sylteosen fekk

namnet «Sykes venn».

Hovudoppgåva for laget var sjukepleie. Utlån av pleieartiklar var

også ei viktig oppgåve. Pleierskene hjelpte også til ved skulebarnkontroll

(kommunal helsesøster kom ikkje før i 1967). Laget ytte hjelp ved

krigs- og katastrofetilstandar i inn- og utland. Millom anna vart det

sendt mykje klede, sko, ullteppe og pengar til Korea etter krigshandlingane

der. I opplysningsarbeidet har laget gjort ein stor innsats. Dette

gjeld særleg tema om sjukdomar, hygiene og kosthald. Til dette arbeidet

hadde laget hjelp av ymse kategoriar helsepersonell.

I etterkrigstida var det nye oppgåver som venta. Spedbarn- og småbarnkontroll

gjekk helselaga inn for. Det var då i samarbeid med

distriktslækjarane. Oppgåva for laget her vart Indre Fræna kontrollstasjon.

Det var i 1947 at dette arbeidet vart teke opp. Jordmor Kaia Eidem

gjorde ein stor innsats med dette, mellom anna i samarbeid med konst.

distriktslækjar Steen. Dette var eit stort engasjement, og ein måtte stendig

pønske ut nye måtar å samla inn pengar på, sjølv om ein til dette arbeidet

fekk tilskot både frå Sosialdepartementet og av Vinmonopolpengane.

Kommunen ytte også noko til kontrollstasjonen.

Som lokale til helsestasjonen, fekk ein i starten bruke Sylte skule.

Seinare fekk ein rom på Gadhaugen. Men trongen etter eige hus melde

seg. Dette spørsmålet vart styrehandsama i november 1951. Ei nemnd

vart sett ned for å arbeide med saka. Den skulle koma med framlegg om

både tomt, utforming og kostnad. Asbjørn Moen vart formann i nemnda.

Indre Fræna helselag er 75 år 149

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!