29.07.2013 Views

BEITETELLINGEN 1935

BEITETELLINGEN 1935

BEITETELLINGEN 1935

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

85

På Byrået sitt spursmhl om beitebruket i Ovre Telemark gir jordbruksskulestyrar

Ragnvald Gr a vir fylgjande svar:

Dei seinste 10-20 åri hev det vore framgang i beitenyttingi her i Ovre

Telemark. Det er serleg lagt arbeid på å rydja heimehamnar og h stella til

kulturbeiter; og på mange støylar er det bygd fjos for kyrne. Dette seinste,

fjos ph støylane, er ph mange måtar ei stor fyremun; men det kan ogso nyttas

slik at det ikkje er av det gode. Ofte fører det til at buskapen vert halden for lenge

ph den støylen der fjoset er, so det vert lite skifte av beite, og støylar som ligg

ph' beitet elles vert nedlagde og unytta. Det gamle her i bygdene var at dei

flutte millom støylane, so dei til eikvar tid fekk nytt og godt beite. Elles vert

det ofte gjort den feil at kyrne star for lenge inne i fjøset og fær for stutt beitetid.

Mange er merksame på desse ulempone, og nyttar fjøset vår og haust og i uverstider;

men midtsumars flyt dei buskapen til andre støylar der det er friskt unytta

beitegras. Her feer då dyra høve til å beita utetter kvelden og tidleg um morgonen.

Utnyttingi av dei lengst burtliggjande fjellbeita og dei sokalla Klriftelegon

hev gått sterkt attende den seinste mannsalder — og er framleis klein. Etter den

gamle driftetrafikken og uppkaup av fe um vårane hev vorte mindre, vart det

ikkje bruk for desse gamle aysidesliggjande driftebeita t. d. dei som ligg i Ovre

Telemark i byte med vestlandsfylka og Agder.

Dei naturlege beita er gode nok for småfeet og for storfe i lag produksj on

(»avlåtor» o. 1.); men for storfe som vert sterkt fôra um vinteren eller er i hog

produksjon når dei går på beite, vert det ofte for lite til å stetta næringstrongen.

Desse dyra tek difor av i hold, fell i avdrott og vokster soframt dei ikkje fær

tilskotsfór. Dei dyra som beiter i nærleiken av gardane på naturlege beiter er

det no på mange plassar vanleg å gje tilskot av kraftfôr eller anna, for å halda

produksjonen uppe og dyra i hold.

Dei fleste bygder i Ovre Telemark hev meir naturlege beiter enn dei kan

nytta med dyra dei kan føda. Mange tek dif or på seg hamningsfe frå dei ytre

bygdene — eller dei leiger burt fjellbeiter; men endå ligg store vidder unytta.

Berre enkelte støylsbeiter og so kulturbeiter som me hev fått no dei seinare

åri er fullnøgjande for høgtmjolkande kyr.

Sameige i beitestrekningar er ikkje Alment.

Ja. Telemark Landbruksselskap hev sett seg i brodden for å få til sambeiter

for sau, uksar og hest på serskilde fjellbeiter. Privatmenn, beitelag, jordbrukslag

og andre hev ogso freista med dette og enno er her slike sambeiter i dei bygdene

det her gjeld.

Skaden på skogen av beitingi er — etter mitt skyn — ikkje «fremtredende.

Rydjing av heimhamnehagar og kulturbeiter er ting som minkar skaden.

Betre vegar til fjellbeita er truleg det viktugaste for å få desse beita betre utnytta.

Vidare kan nemnas : skaffa billig gjødsel til overgjødsling av alle kulturbeiter.

Statsstudnad til beitedyrking som til anna nydyrking. Statsstudnad til

busing på støylane der dette trengs.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!