10.09.2013 Views

Tanker som teller - Under Dusken

Tanker som teller - Under Dusken

Tanker som teller - Under Dusken

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

50

KULTURTEGN

Om å kjøpe sand

Sildrande, rennande,

fossande, flytande. Vatn

kjem på mange måtar – og i

stadig fleire smaksvariantar.

FLASKEVATN

TEKST: BJøRN ROMESTRaND

romestra@underdusken.no

ILLUSTRASJON: OLE CHRISTIAN GULBRANDSEN

Få romerske gudinner har gjort så dårleg

karriere som Salus. Ho var gudinna for

helse. Men sjølv om få i dag veit kva mytologien

seier om ho, har iallfall bodskapen

hennar vunne fram. Menneska, særleg

i den vestlege verda, har aldri vore så

opptekne av helsa si som no.

Det viser seg også i Noreg, blant anna

i form av eit sterkt dalande brussal. Brus

er kanskje sjølve symbolet på ein usunn

livsstil, og i februar kunne analysebyrået

ACNielsen melde at salet av sukkerhaldig

FAKTA

FLASKEVATN

I 2005 kjøpte nordmenn kjeldevatn

for over 140 millionar kroner. Det er

ein vekst på 19 prosent.

Omsetjinga av vatn med kolsyre

var på 540 millionar kroner. Det

er ei auke på 64 millionar, eller 14

prosent.

Lettbrussalet har auka med heile

232 millionar kroner. Det vil seie

24 prosent. Samstundes sokk salet

av sukkerhaldig brus med 302

millionar kroner, eller 12 prosent.

Tal frå Dagbladet viser at dei

største bryggeria sel 24 ulike

vassprodukt. I tillegg vil Bonaqua

og Hansa lansere nye produkt med

det aller første.

Ekspertane er samde om at årsaka

til tendensen er eit auka fokus på

helse og sukker.

Samstundes hevdar kritikarane at

det er absurd at folk bruker pengar

på vassprodukt, i og med at dei

fleste husstandar i Noreg har gratis

tilgang på springvatn.

Kjelder: dagbladet.no og acnielsen.no.

brus sokk med tolv prosent i 2005.

Det er heller ikkje mange som kjenner

til kjeldevatnet Salus, som vart tappa i

august 1907. Men som den romerske

navnesøstra har flaskevatn vunne fram

i den moderne tid. For medan brussalet

har falle dramatisk, sprengjer salet av

vatn på flaske alle demningar. Nordmenn

kjøpte vatn for 684 millionar

kroner i fjor, ein auke på 19 prosent.

Vil dette talet stige til vers? Nei, trur

trendforskar Ole Petter Nyhaug i analysebyrået

Fishnet Nordic.

– Salet av vanleg flaskevatn har nådd

toppen, seier han.

Nyhaug spår at marknaden vil

omfavne den nye trenden: smaks- og

vitamintilsett vatn.

– Tendensen vil bli at fleire og fleire

vassprodukt vil få profilerte eigenskapar.

Vi vil få vatn som er tilsett ulike smakar,

vitaminar og mineral.

For ein kvar smak

Dei største bryggeria har sett det same

som Nyhaug. Det er grenser for kor lenge

det er spennande å kjøpe vanleg vatn,

sjølv om det er tappa frå ei kjelde med

eit høgtideleg namn.

Tidlegare sat bursjoasiet med blåfarrisen

i handa og humra diskret av dei

som i si vankunne valte vatn med ei

dråpe sitron eller lime. Slik er det ikkje

lengre. I fjor vår lanserte Ringnes Farris

Bris – ein mindre boblande og mildare

variant av storebroren – med eksotiske

smakar som mango/papaya og lemon/

lemongrass – eller sitron/sitronskal, om

du vil.

Og påfunna ville ingen ende ta.

Ikkje før forbrukarane hadde fått

svelgt unna siste munnfull med Farris

Bris, blei Farris Pluss lansert. Og

marknadsføringskonsulentane har ikkje

lege på latsida. Du kan velje mellom

pære, sitronmelisse og ginseng eller

grapefrukt, lime og guarana.

Internkonkurransen i Ringneskonsernet

skal ingen klage på. Imsdal

– stillvatnvarianten til Farris – får du

no også med solbær/ginseng og pære/

ingefær.

– Vassmarkaden er slik at du stadig

må lansere nye produkt for å få vekst,

seier Liv Berg i Ringnes.

Det har også konkurrenten Hansa

Borg forstått. I februar såg derfor Olden

Boble med smakar som eple og solbær

dagens lys.

– Vi skal vere innovative og finne

på ting som har god smak. Produkta

våre skal utmerke seg, seier marknadsføringsdirektør

Lisbeth Hope Frugård i

Hansa Borg til TV 2 Nettavisen.

Galskap?

Men kvifor bruke så mykje pengar

på noko dei fleste kan tappe gratis frå

springen? Det er spørsmålet dei snusfornuftige

blant oss har stilt sidan produkta

Imsdal og Olden dukka opp.

– At folk bruker mykje penger på å

kjøpe vatn viser at nordmenn har altfor

god råd, seier talsmann Steinar Lem i

Framtida i våre hender.

– Å selje dyrt flaskevatn i Norge er

som å selje dyr sand i Sahara, tordnar

han.

Lem meiner at vasstrenden er latterleg

og viser til ei undersøking i regi av Norsk

institutt for vannforskning (NIVA) som

viser at vatn i springen faktisk er reinare

enn kjøpevatn på flaske.

– Noko av det mest absurde eg ser,

er folk som klager over at bensinen er

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!