10.09.2013 Views

Tanker som teller - Under Dusken

Tanker som teller - Under Dusken

Tanker som teller - Under Dusken

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

NYHETER 1. mars - 3. april 006

Ber styret ignorere dei tilsette

BER STYRET TENKJE LANGSIKTIG: Allan Krill har undersøkt saka nøye og meiner at styret

ikkje bør høyre for mykje på dei tilsette når dei gjer vedtak om ei eventuell NTNU-samling.

– NTNU-tilsette vil stoppe

protestane mot ei samling

av universitetet når det

kjem eit vedtak, spår geologiprofessor

Allan Krill.

SAMLOKALISERING

TEKST: BJØRN ROMESTRAND

romestra@underdusken.no

ARKIVFOTO: CHRISTIN HAGEN

Medan storparten av dei tilsette ved

NTNU har markert seg som motstandarar

av ei flytting av dragvollmiljøa til

Gløshaugen, håper og trur Allan Krill

at styret vedtek ei samlokalisering på

møtet 10. mai.

– Ei samlokalisering vil styrkje NTNU

og gje universitetet høgare status, trur

geologiprofessoren.

Han trur også at protestane vil stilne

når NTNU-styret har gjort eit vedtak i

saka. Eit vedtak han håper seier ja til

samlokalisering.

– Dersom det kjem eit vedtak for

samling av universitetet, vil nok mange

bli rasande. Men det går over.

Krill åtvarer styret ved NTNU mot

å leggje for stor vekt på det dei tilsette

meiner, sjølv om han estimerer at

mellom sytti og åtti prosent av dei er

mot ei samling.

– Styret bør tenkje langsiktig og på

kva som er best for heile NTNU. Dei

vitskaplege tilsette er spesialistar på deira

eiga forsking og dagens undervisningsbehov.

Dei er ikkje spesialistar på å tenkje

langsiktig og heilskapleg. Vi ser også

at når vitskapleg tilsette blir valt inn i

leiinga, så vert dei meir positive til ideen

om samlokalisering, hevdar han.

Bør ta seg betre tid

Geologiprofessoren trur imidlertid

universitetsleiinga bør ta seg betre tid

enn planlagt.

– Det kan vere skadeleg å starte

samlokaliseringa dersom dei tilsette

ikkje er positive. Derfor bør dei få litt

tid å roe seg på, slik at protestane vert

dempa, seier han.

– Dei førebelse planane er heller ikkje

gode nok.

Han forstår kvifor dei tilsette blir

frustrerte.

– Dei siste ti åra har det vore mange

omorganiseringar. Dei tilsette må

rapportere om alt mogleg og får ikkje

konsentrere seg om forskinga si.

Fleire kritikarar hevdar at NTNU

ikkje klarer å fokusere på fagleg framgang

samstundes som organisasjonen

bruker mange krefter på ei samlokalisering.

Krill fryktar ikkje dette.

– Det går an å forske samtidig som

det skjer ei utbygging. Å flytte kontor tek

ikkje meir enn eit par dagar, seier han.

– Krill er ein bajas

Svein Kristiansen er leiar for Forskarforbundet

ved NTNU – den største

fagforeininga for vitskapleg tilsette

ved universitetet. Han er ikkje einig

med Krill.

– Mitt inntrykk er at Allan Krill er

ein bajas som liker å vere usamd med

fleirtalet. Eg synest ikkje det er særleg

djupn i det han seier.

– Krill er jo sjølv ein vitskapleg tilsett.

Og viss han har rett i det han seier, er

heller ikkje han spesielt god til å ta tenkje

langsiktig – med mindre han har spesielle

evner, seier Kristiansen syrleg.

Forskarforbundet har vore skeptisk

til ei samlokalisering av NTNU sidan

temaet vart kjent.

– For å gjere NTNU til eit framifrå

universitet, må vi skape gode studiemiljø

og bli gode på forsking, ikkje byggje

bygningar, seier han.

Forbundet vil likevel studere den nye

rapporten, som konkluderer med at det

er økonomisk mogleg å samle NTNU i

området ved Gløshaugen, nøye.

– Dette er ei viktig sak, så vi vil bruke

tid på å gå grundig gjennom rapporten,

seier Kristiansen.

– Djupt ueinig

Svein Lorentzen sit i NTNU-styret som

representant for dei vitskapleg tilsette.

Også han er djupt ueinig i det Krill

seier.

– Styret har jo einstemmig vedteke

ei brei høyring, og det er fordi det er

veldig interessert i kva dei tilsette meiner,

seier han.

Samstundes er Lorentzen einig i at

det vedtaket som blir gjort på styremøtet

10. mai må respekterast.

– Alle, både tilhengarar og motstandarar

av ei samlokalisering, må slutte seg

til det styret vedtek i mai. Men dersom

dei tilsette kjem med eit heilt eintydig

råd i saka, så vil det vere eit argument

som må vege tungt når styret skal ta ei

endeleg avgjerd.UD

SAMLOKALISERING

DETTE HAR HENDT

1. februar 2002: NTNU-styret

vedtok å byggje eit nytt

universitetssjukehus på Øya. Eit

framlegg om å flytte sjukehuset

til Dragvoll, og Historiskfilosofisk

fakultet og Fakultet for

samfunnsvitskap og teknologileiing

til Øya, vart nedstemt.

1. april 2003: NTNU-styret søkte

om midlar til å byggje nytt bibliotek

på Dragvoll. Samstundes slo det

fast at «NTNUs langsiktige mål er

å flytte de aktivitetene som i dag

er på Dragvoll til Gløshaugenområdet».

Dåverande rektor ved

NTNU, Eivind Hiis Hauge, vedgjekk

at det var ubehageleg å ha ein «så

tvetydig strategi».

8. februar 2005: NTNU-styret

vedtok å halde fram prosjektet

som undersøkjer moglegheita for å

samle NTNU ved Gløshaugen.

10. mars 2006: Prosjektorganisasjonen

NTNU 2020/HiST

2020 – Eventuell samlokalisering

leverte den endelege rapporten,

som konkluderer med at det er

mogleg å samle universitetet

på og ved Gløshaugen, både ut

frå økonomiske og arealmessige

omsyn.

DETTE VIL SKJE

10. mai: NTNU-styret gjer eit

endeleg vedtak på om det ønskjer

å samlokalisere universitetet på og

ved Gløshaugen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!