22.09.2013 Views

Les hele bladet i pdf-format - Norsk Lokomotivmannsforbund

Les hele bladet i pdf-format - Norsk Lokomotivmannsforbund

Les hele bladet i pdf-format - Norsk Lokomotivmannsforbund

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Historisk

lys

HISTORIKER HARALD BERNTSEN

“GLOBALISERING”

OG IMPERIALISME

I ei namngjeten bok som kom ut i

London i 1902, med tittelen

”Imperialism”, skreiv den engelske

økonomen J. A. Hobson følgjande om

kva som ville skje når den moderne kapitalistiske

industrien for alvor rykte

inn i Asia og Afrika:

”Dei største delane av Vest-Europa ville

i så fall få same utsjånad og karakter

som delar av desse landa nå har, for

eksempel Sør-England, Rivieraen og

dei delane av Italia og Sveits som er

prega av turistar og rikmannsvillaer:

Ein liten flokk rike aristokratar som tar

imot dividendar og pensjonar frå det

fjerne Austen, ei noe større gruppe av

akademiske handlangarar og forretningsfolk,

ein haug med tenestefolk og

arbeidarar som er sysselsette i transportvesenet

og i dei siste fasar av produksjonen

av meir lettfordervelege

varer. Alle dei vesentlege industrigreiner

ville forsvinne, og dei viktigaste

næringsmiddel og industriprodukt ville

flyte inn som tributt frå Asia og

Afrika… Det er dette utsynet ein enda

større allianse av dei vesteuropeiske

statane gir oss gløtt inn i, ein europeisk

føderasjon av stormakter som i staden

for å fremme sivilisasjon, kunne få fram

ein kolossal fare for eit europeisk snyltarsamfunn,

ei gruppe framskredne

industrinasjonar med ein overklasse

som ville ta imot veldige tributtar frå

Asia og Afrika, og med desse tributtane

halde liv i store tamme massar av underordna

som ikkje vile vere sysselsett i

den allmenne jordbruks- og industriproduksjon,

men med personlege

tenesteytingar eller med underordna

industriarbeid under kontroll av eit nytt

finansaristokrati. Dei som har ein

tendens til å avfeie ein slik teori kan

bare tenke på dei økonomiske og sosiale

tilhøva i dei distrikt i Sør-England i

dag som allereide nå er redusert til ei

slik stilling. Dei kan tenke på den veldige

utvidinga av dette systemet som

ville bli mulig dersom Kina blei underkasta

økonomisk kontroll av liknande

grupper av finansmenn, av ”kapitalgivarar”

og deira politiske og kommersielle

funksjonærar, som ville presse

profitt ut av det mektigaste framleis

latente profittreservoar som verda noen

gong har kjent til, for å fortære denne

profitten i Europa.”

Når ein ser bort frå at USA og Sør-

Amerika kunne ha vori trekt inn i analysen,

og at det blei eit statsberande

parti som framleis kallar seg ”kommunistisk”,

som måtte til for – for alvor – å

gjøre Kina til ein del av den globale

imperialistiske økonomien, må det

seiast at Hobson sin profeti var uhyre

treffsikker.

Grunnen til at han kunne spå så riktig

om framtida 100 år etter, var – som

han sjølv er inne på – at han allereide i

1902 kunne iaktta eit avindustrialisert

snyltarsamfunn av rentenistar i delar av

den leiande imperialistmakta

Storbritannia. Allereide i 1902 var dei

engelske rentenistane sine inntekter på

investeringar i utlandet fleire gongar

større enn dei inntektene England

hadde på sin utanrikshandel med varer.

LOKOMOTIVMANDS TIDENDE NR. 8-2006

I dag er slike inntekter, ikkje minst

etter avindustrialiseringa i vår del av

verda frå midten av 1970-talet av, stigi

til nye uante høgder – i langt fleire land

enn England. Her i Olje-Norge skjer

store delar av utanlandsinvesteringane

gjennom eit raskt veksande statleg oljefond

som har fått namnet pensjonsfond.

Oljepengane må nemleg ikkje

investerast innanlands, for da blir arbeidsløysa

for låg og arbeidsfolk får for

stor makt. Når vi blir gamle nok, skal vi

i staden leve av å snylte på folk i andre

delar av verda. Det landet vi bur i, har

da også erstatta det tidlegare nasjonale

militære forsvaret med spesialstyrker

som er med på å sikre norske og allierte

kapitalinteresser over alt på kloden.

Avhandlinga til Hobson var eit av

hovudverka som den ikkje ukjente

russiske kommunisten V.I. Lenin støtta

seg på da han i 1915-1916 skreiv den

viktige boka si ”Imperialismen som

kapitalismen sitt høgste stadium”.

Lenin si bok kjem om ikkje så lenge ut

i ny norsk utgåve gjennom

Bokklubben, i ein internasjonal serie av

dei hundre viktigaste bøkene som noen

gong er gitt ut, kåra av eit utval av dei

fremste forfattarane i verda. Saman

med Sigmund Freud: Psykoanalysen er

Lenin si bok om imperialismen dei

einaste to sakprosabøkene av dei

hundre. Dei øvrige er skjønnlitterære.

Jernbanepensjonistenes forening

Bergen vil i anledning sitt 60 års

jubileum avholde jubileumsfest onsdag

18.10.06 – kl. 18.00.

Festen bil bli avholdt på Fleischers Hotell Voss.

Påmelding innen 07.10.06 til:

Else Røthe, Voss tlf. 56 51 20 89

Oddvar Vestenfor, Ål tlf. 32 08 17 42

Karl J. Knutsen, Bergen- tlf. tlf. 55 19 84 45

Alle medlemmer ønskes hjertelig velkommen.

Styret

25

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!