09.11.2014 Views

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utdanning > nr 16/8. oktober 2010

aktuelt.

Dylans norske

læregutar

Det er mykje ein kan gjere med kunsten til Bob Dylan: like han, lese han,

spele han, synge han, omsetje og gjendikte – og lage seminar om han.

TeksT og foTo: Olav Norheim

> – Det finst alltid ei unnskyldning for å halde

på med Bob Dylan, slo han fast, lektor Kjetil

Elvebakken på Dylan-fagseminaret nyleg: – Bob

Dylan er protestsongaren, romantikaren, realisten,

postmodernisten, den religiøse eksistensialisten.

Dylans dikting gir oss eit glimrande høve

til å arbeide med poesi og den største poeten i

vår tid. Det kan vera litteraturhistorie, særemne

eller litterært program, eller gjendiktingsøving,

slik forsamlinga fekk prøve.

Seminaristen Dylan

Bob Dylan er vorten hovudperson på eit Dylanfagseminar,

sjølv om han ikkje var der. Tre arrangørar

slo seg i hop som oppstart til den årvisse

Dylan-festivalen på Beitstølen i Oppland: Norsk

Dylanologisk Sælskap, hotellet Radisson Blu

Resort på Beitostølen og Utdanningsforbundet.

Ein heil dag med djupdykk i Dylans liv og tekster

og songar – med smaksprøver til munnspel og

gitar. Lærarar i ungdomsskule og vidaregåande

skule benka seg for å høyre om og på Dylan.

Protestsongar Dylan

– Kva gjer poeten og songaren Bob Dylan aktuell

i 2010? spurde Dylan-biograf og -gjendiktar

Håvard Rem. – Mykje: Vi lever i ei verdimessig

vareoppteljing i det norske samfunnet. Vi merkar

ei meir lyttande haldning hos ungdommen. Tradisjonar

har fått ein eigenverdi. Ungdommen ser

ikkje berre rett fram. Mange er fleirkulturelle.

Rem såg Dylan som ein multikulturell kunstnar

med Bibelen, bygdedyret og bestefaren som

bagasje. – Han lever med fleire verdisett, fleire

mytar i ein og same person.

Rem meinte at myten om Bob Dylan som protestsongar

ikkje stemmer heilt, ettersom Dylan

var ferdig med å skrive protestsongar midt på

1960-talet.

Songskrivar Dylan

– Dylan er først og fremst ein poet, ein songskrivar,

sa Håvard Rem, som viste til ein sentral

tekst frå LP-en «Another Side of Bob Dylan» frå

1964: «Yippee! I’m a poet, and I know it. Hope

I don’t blow it.»

Apropos poeten: – Bob Dylan har skrive songar

i 50 år. No er det hans tur til å få Nobelprisen i

litteratur. Det vil vere ei hylling så vel til han som

til sjølve songen som sjanger, sa Rem, som no er

pådrivar for ei norsk utgiving med alle songane

til Dylan, omsett til skandinavisk. Det kan bli ei

tjukk bok. Dylan har gitt ut plater og tekster i

eitt sett sidan 1962, og han er framleis produktiv.

Rem har sjølv gjendikta Dylan til norsk, det same

har blant andre Jan Erik Vold, Tom Roger Aadland

og Eldrid Lunden. Mikael Wiehe har tolka

Dylan på svensk og Poul Borum har omsett han

til dansk.

Dylan-tolkaren og -gjendiktaren Jan Erik Vold

var også til stades, og han såg gjerne at Dylan blir

heidra: – Men det hastar, for søren. Skal songen

hevast opp til Nobelpris-nivå, er Bob Dylan den

som peiker seg ut.

I vind på nynorsk

Songaren og gitaristen Tom Roger Aadland har

omsett plata «Blood on the Tracks» frå 1975 til

nynorsk. Plata var eit slags musikalsk comeback

for Dylan. Aadland hadde gjendikta både tekst og

stad. «Idiot wind» har vorte til «Vind utan vit».

For Aadland med sin sunnhordlandske bakgrunn

er nynorsk eit naturleg språk for å framføre

Dylan. – Nynorsken i Bob Dylans norske verkar

som ein stillferdig språkleg status, som ei stadfesting

for dei som har nynorsk som skriftspråk,

sa Aadland. Og så song han.

I regn på bokmål

Jan Erik Vold, den mest kjende Dylan-tolkaren i

landet, var trekkplaster på sjølve Dylan-festivalen

saman med bluesgitaristen og -songaren Kåre

Virud. For Vold er det naturleg å gi Dylans poesi

sin eigen Oslo-tone. I 1977 gjendikta Vold 70

Dylan-songar. Og han gjentok noko frå boka, som

heiter «Damer i regn», at det er noko med Dylan

og regnet, at regnet betyr berøring og røyndom.

Betyr regn smerte? Betyr regn glede? Og regn,

det kan bety både privatlivets regn og samfunnets

regn.

På ville vegar

Filosofen Tore Frost tenkte høgt om Bob Dylans

tekster og tankar. – Vegen blir til mens ein går,

er ein tanke som kjem til uttrykk. Ein kan også

sjå det slik, at vegen blir til når vi går oss vill. Den

som ikkje har tydelege mål, veit ikkje når ein er

på villstrå.

Ein engelsk fotograf, John Hume, har meir

eller mindre snikfotografert Dylan på tallause

konsertar. Han fortalde om ymse møte med

konsertvakter. Han hadde ein bodskap: – Kvifor

skal vi berre bruke fotografi av den unge Bob

Dylan? Karen er 69 år og ikkje fullt så pen som

han kanskje ein gong var. Vi skal fotografere han

slik han er no.

Lærerike Dylan

Utdanningsakademiet i Utdanningsforbundet

var medarrangør av Dylan-fagseminaret.

– Dette gav meirsmak, seier Anne Britt K. Berlin

i Utdanningsakademiet. Terje Steinsrud, eldsjel

bak Dylan-festivalen og lokal arrangør på Beitostølen,

hadde berre godord å seie om koplinga

mellom festival og seminar.

Fakta.

Bob Dylan

fødd 24. mai 1941 i Duluth, Minnesota, UsA.

Voks opp i gruvebyen Hibbing, nokre mil unna.

skifta namn frå Robert Allen Zimmermann.

Musikar, songar, songskrivar, poet, forfattar.

spelar gitar, munnspel, piano.

Vart kjend i europa som protestsongar midt på 1960-talet med mellom

anna «Blowin’ in the Wind» og «The Times they are a-changing».

Times Magazin rekna han blant dei 100 personane som hadde

mest å seie i det 20. hundreåret.

Nummer to på musikkmagasinet Rolling stone si liste «greatest

Artist of All Time», etter The Beatles.

foreslått til Nobels litteraturpris i år igjen.

26

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!