09.11.2014 Views

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

Utdanning nummer 16 2010 - Utdanningsnytt.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Utdanning > nr 14/10. september 2010

fra forbundet.

Lokale forhandlingar sluttfører

tariffoppgjeret

Mimi Bjerkestrand

> leiar i Utdanningsforbundet

Foto: Erik M. Sundt

> Ofte omtalar vi tarifforhandlingane i spøkjefulle

vendingar som «vårens vakraste eventyr».

Tariffoppgjeret er ikkje sluttført før alle pengane

er fordelte. Eit «hausteventyr» skal snart utspele

seg i perioden 15. oktober til 15. november.

Våre lokale tillitsvalde er godt i gong med førebuingsarbeidet.

Dei har ein viktig jobb framføre

seg. Dei skal følgje opp Utdanningsforbundet

sine prioriteringar. Dei skal forhandle tillegg

som styrker lønsutviklinga for mange av medlemmene

våre. Det er legitimt at dei ulike

medlemsgruppene har forventningar om auka

verdsetjing på arbeidet sitt. Prioriteringane mellom

dei er difor krevjande.

Det er enormt mykje tid og mange ressursar

som går med til lokale forhandlingar. Mange

av våre tillitsvalde skal prioritere dette arbeidet,

samstundes som andre viktige lokale saker

for auka kvalitet i barnehagen og skulen står

på agendaen desse haustvekene. Innsatsen er

formidabel frå våre tillitsvalde i kommunar og

fylkeskommunar.

Hovudtariffavtalen i KS seier at det skal vere ein

naturleg samanheng mellom arbeidstakarane

sin kompetanse, kompetanseutvikling og lønsutvikling.

Vidare står det at lønnspolitikken

mellom anna skal tene til å «motivere til kompetanseutvikling»

ved at lønnspolitikken viser

«hvordan ønsket og tilegnet kompetanse gir

lønnsmessig uttelling». Lønnspolitikken skal

òg «legge til rette for faglige karriereveier og

avansementsmuligheter».

Kvalitetsmedvitne arbeidsgjevarar vil raskt sjå

samanhengen mellom gode tilhøve for høg

kompetanse, god kvalitet på læringsarbeidet

for ungane og auka rekruttering til stillingane.

Mange kommunar og fylkeskommunar er

heldigvis opptekne av kvalitet på læringsarbeidet,

og det finst både vilje og evne mange stader til å

prioritere ressursar både til kompetanseheving

og til rekruttering av gode lærarar i barnehage

og skule. Det fins vel ikkje betre rekrutteringstiltak

enn å sørgje for ein lærarstand med høg

kompetanse. La dei vise at dei har ambisjonar

på vegner av sine barn og unge.

«Tariffoppgjeret er ikkje sluttført før alle

pengane er fordelte.»

Denne gongen ligg det klare og viktige føringar

for dei lokale forhandlingane. Det hjelper, og

det var viktig at vi fekk det til. Føringane treff

våre medlemsgrupper godt, og det er vi nøgde

med. Både førskulelærarar, lærarar, tilsette i

pedagogisk-psykologisk teneste og skulefritidsordninga,

leiarar og andre grupper kan bli

omfatta av den viktige kompetanseføringa og

kvinneprofilen som ligg her.

Dei lokale forhandlingane skal sikre ei prioritering

av tilsette som har gjennomført relevant og

dokumentert spesial-, tilleggs- og vidareutdanning.

Vi er nøgde med denne prioriteringa fordi

det pedagogiske personalet sin kompetanse er

den viktigaste ressursen i arbeidet med barn og

unge. Vi har forventningar til at barnehage- og

skuleeigarane også finn det rett med ei slik prioritering.

Ja, vi meiner at våre arbeidsgjevarar

bør leggje så stor vekt på den kvalitetshevinga

som auka kompetanse i barnehage og skule vil

få, at dei også vil leggje til eigne midlar i potten.

Vi har eit stort fleirtal kvinner blant våre medlemmer

i barnehage og skule. Det er avtalt at

kvinner skal ha ein større del av den avsette

potten. Kvinneføringa blir ein nyttig test på om

den lokale lønspolitikken og dei lokale kriteria er

utforma slik at dei faktisk gjev god utteljing også

for kvinner med høgare utdanning. Det er avtalt

at lønspolitikken skal fremje og ivareta likestilling

mellom kjønna, og at den skal virke slik at

kvinner og menn blir behandla likt i vurdering

av løn og avansement.

Det er også presisert at kvinner i leiarstillingar

skal prioriterast. Det bør føre til at våre kvinnelege

leiarar kjem godt ut av dette oppgjeret.

Med dette ønskjer eg våre lokale tillitsvalde lukke

til med sluttføringa av årets tariffoppgjer.

57

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!