15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

KAP. 17

17.1 Førebuingar 17.2 Tryggleik for

artistane

17.3 Tryggleik under

framføring

17.1 Førebuingar

Arrangøren bør i forkant av arrangementet inngå ein arrangementskontrakt

med alle artistane og i tillegg utarbeide ein profil

for kvar enkelt artist. Ein avtale mellom artist og arrangør

regulerer kva partane kan krevje og forvente av kvarandre, og

gjer ting meir føreseielege.

17.1.1 Artistprofil

Artistprofilen skildrar artisten og gir eit bilete av korleis

artisten ter seg under framføring, korleis artisten kan påverke

publikum, og kva slags publikum vi kan vente oss. Hent nødvendig

informasjon frå støtteapparatet til artisten (management

eller turnéleiar). Det kan også vere nyttig å bruke Internett og

erfaringar som andre arrangørar har gjort, når vi utarbeider ein

artistprofil. Artistprofilen kan vere med på å gjere arrangementet

tryggare. Sjå døme på artistprofil i vedlegg 4).

Artistprofilen er også eit viktig element i risikoanalysen, og

følgjande opplysningar kan vere viktige:

• tidlegare opplevd risiko

• risiko for eventuell skade på materiell

• risiko for eventuelle skadar på publikum eller

medarbeidarar

• spesielle tiltak

17.1.2 Arrangementskontrakt

Arrangementskontrakten regulerer det som ikkje er dekt av

lover og forskrifter, til dømes reglar og politikk for arrangementet,

kven som er ansvarleg for at ting skal skje, og når dette

skal skje. Kontrakten bør også avklare kva tryggingskrav som

gjeld for artisten og medarbeidarane.

Ein avtale består gjerne av tre delar:

• Sjølve kontrakten, som inneheld opplysningar om honorar,

arrangør, dato og klokkeslett, promoteringsmateriell,

marknadsføring og generelle kontraktvilkår.

• Hospitality rider, som inneheld praktiske opplysningar

om overnatting, transport, bevertning, garderobar osv.

• Teknisk rider, som gjer greie for dei tekniske behova til

bandet, til dømes backline, PA-anlegg, straum osv.

Ofte sender representantane for artisten eit forslag til kontrakt.

Arrangøren bør då setje seg nøye inn i innhaldet og sørgje for

å få inn nødvendige endringar. Det kan også vere tenleg for

arrangøren å lage ein eigen standardavtale som regulerer kva

fakta og vilkår som gjeld. Når ein kontrakt er inngått, skal

begge partar følgje han. Det kan difor vere lurt å også regulere

i avtale det som verkar innlysande.

Ein arrangementskontrakt kan til dømes innehalde

følgjande punkt:

• Når har artisten tilgang til scene og backstageområde?

• Kva forsikringar gjeld for artist og arrangør?

• Er det lov å ta med køyretøy på området?

• Er det avgrensingar for lydnivået?

• Kva krav gjeld for bruk av pyroteknisk vare, og kva høve

har arrangøren til å stoppe dette?

• Kva tryggingstiltak blir sette i verk rundt artisten?

• Når har artisten ansvaret for sin eigen tryggleik?

• Kven er erstatningsansvarleg dersom utstyr forsvinn?

• Kan publikum ta bilete?

• Kva får artisten ikkje lov til? (Til dømes hoppe ned i

scenegrava, surfe på publikum eller kaste ut effektar til

publikum.)

• Er kontrakten hemmeleg, eller kan nokon av partane formidle

han til media?

• Informasjon om tryggingsorganisasjonen.

• Informasjon om at arrangøren har rett til å stoppe ein konsert

eller ei framføring, heilt eller mellombels.

• Informasjon om og reglar for arbeidsvilkåra til media

rundt scenen.

Arrangementskontrakten regulerer også kva tilgang eller

avgrensingar artisten krev med omsyn til foto og media. Dette

bør vere ein del av tryggingsplanane så tidleg som råd etter at

kontrakten er formalisert. Også etter at partane har underskrive

kontrakten, bør det vere dialog mellom arrangør og artist.

Arrangør og artist bør gå gjennom kontrakten i fellesskap når

artisten er komen til arrangementet.

Rider

Den såkalla rideren til artisten er eit vanleg kontraktvedlegg.

Dette er ønskjelista frå artisten når det gjeld teknikk,

tryggleik, innkvartering, bevertning osv. som det kan vere

viktig for arrangøren å kjenne til. Når kontrakten er signert,

er rideren ein del av avtalen, og arrangøren har forplikta seg.

Forventingane og krava frå ein artist må likevel aldri påverke

tryggleiken på arrangementet i negativ retning.

108

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!