15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Det bør vere ein port mellom scenebarrikaden og publikumsområdet.

Porten blir brukt til å sleppe fotografar inn i scenegrava

og sleppe ut publikum som hamnar i scenegrava (til

dømes ved publikumssurfing). Porten bør plasserast i blindsona,

slik at publikum ikkje står i vegen for siktlinja til scenen.

Sørg også for at det ved sida av scenen finst ei opning til

området bak scenen, slik at publikummarar kan transporterast

til førstehjelpsstasjonar eller utrykkingskøyretøy her.

Det bør plasserast ut vakter ved alle passasjar slik at dei ikkje

blir blokkerte eller brukte unødvendig.

Fotograv.

På større scener kan det vere aktuelt med ei eiga fotograv for

å unngå konflikt mellom fotografar og scenegravpersonell.

Fotograva bør i så fall avgrensast med eige gjerde eller anna

avgrensing.

8.1.2 Backstage

Området bak scenen blir kalla backstage. Her finst vanlegvis

fasilitetar for artistar, scenepersonell og produksjonspersonell.

Utandørsscenar treng ofte transportvegar til og frå, og plass for

parkering av lastebilar eller turnébussar. Det bør også setjast av

plass til sanitet og utrykkingskøyretøy her.

8.1.3 Mikseplassen

Frå mikseplassen blir lyd og lys på scenen styrte. På engelsk

bruker ein FOH om mikseplassen. Det står for front of house,

fordi han normalt er plassert midt framfor scenen eit stykke ut

på publikumsområdet. Plasseringa må avgjerast i samråd med

lys- og lydleverandøren. Mikseplassen bør avgrensast med

gjerde og overvakast. Hugs at mikseplassen ofte skuggar for

publikum, så vi bør ikkje rekne med publikumsplassar i skuggen

frå mikseplassen.

8.1.4 Førstehjelpsområde ved scenen

Det bør finnast førstehjelpepersonell i nærleiken av scenen,

gjerne i direkte tilknyting til scenegrava. Også i dødsona bak

mikseplassen kan det vere aktuelt å plassere sanitet.

Førstehjelpsområdet bør

• vere tilstrekkeleg bemanna

• plasserast åtskilt frå gangvegar

• vere verna mot innsyn frå uvedkomande, til dømes publikum

og presse

• plasserast nær tilkomstveg for utrykkingskøyretøy

• vere utrusta med liggjeunderlag, teppe og vatn

Ved større arrangement kan det vere aktuelt å stasjonere ein

ambulanse i nærleiken av scenen for å redusere utrykkingstida.

Les meir om planlegging og dimensjonering av sanitet i

avsnitt 4.3 og om sanitet og helseberedskap i avsnitt 20.2.2.

8.1.5 Storskjermar

Stor avstand mellom scene og bakre del av publikumsområdet

kan skape stort trykk framover i publikumsmassen.

Storskjermar ved sida av scenen og eller bak mikseplassen kan

redusere slikt trykk.

Tenk på følgjande ved bruk av storskjerm:

• Artisten må vere informert.

• Storskjermen bør ikkje skugge for publikum.

• Storskjermen bør tilpassast til formålet (til dømes

.lysstyrke og storleik når det blir vist tekst).

• Forankringa må vere sikker.

• Underlaget må tole vekta av storskjermen.

8.1.6 Tribunar

Dersom vi skal bruke tribunar for rullestolbrukarar, spesielt

inviterte eller publikum generelt, må desse plasserast slik at

dei i liten grad forstyrrar publikum som ikkje bruker tribunane.

Dei bør heller ikkje ta for mykje av publikumsplassen.

Les meir om mellombelse konstruksjonar i kapittel 13.

Hugs at det er viktig å leggje til rette for rullestolbrukarar

med eigne tribunar, særleg på utandørsarenaer. Les meir om

tilgjenge i kapittel 15.

8.2 Plassering av scenen

Plassering og dimensjonering av scenen og publikumsområdet

som høyrer til, må diskuterast og avklarast med tryggingssjefen.

Ta omsyn til følgjande:

• kapasiteten i publikumsområdet i forhold til forventa

publikum. Les meir om berekning av publikumskapasitet

i avsnitt 6.2

• underlaget i publikumsområdet – tenk over konsekvensane

dersom det skulle regne. Les meir om terrenget og kva det

toler av belastningar i avsnitt 6.1.2

• geografiske faktorar, til dømes støy for naboar, og sceneretning

i forhold til sola. Les meir om geografisk risiko i

avsnitt 6.1.2

• inngangar og utgangar i publikumsområdet – dimensjonering

i samband med kø. Les meir om utforming av

arrangementsområdet i kapittel 6.3

• rømmingsvegar og nødutgangar. Les meir om dimensjonering

av rømmingsvegar i avsnitt 9.6

• tilkomst for utrykkingskøyretøy. Les meir om utforming

av arrangementsområdet i avsnitt 6.3

• siktlinjer

• eventuell bruk av farlege stoff

Utrykkingskøyretøy, artistar og produksjonspersonell bør ha

eigne tilkomstvegar.

67

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!