15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

at vi kan bruke maksimal persontettleik for å berekne den

maksimale publikumskapasiteten.

Dimensjonerande og maksimal persontettleik

Persontettleik er ein sentral faktor som skildrar talet på personar

per kvadratmeter tilgjengeleg publikumsareal. Kor tett

publikum står, påverkar mobiliteten og dynamikken i folkemengda.

Kva persontettleik som blir oppfatta som behageleg,

varierer med type arrangement og publikum.

Med dimensjonerande persontettleik meiner vi kor tett vi ein

kan tillate seg å pakke menneska på eit gitt område saman, til

dømes framfor scenen. Med maksimal persontettleik meiner vi

det endelege valet av maksimalt nivå for persontettleik på det

gitte området.

Dimensjonerande og maksimalt persontal

Det dimensjonerande persontalet er det persontalet vi ønskjer

å ha høve til å sleppe inn på arrangementsområdet, til dømes

kor mange billettar vi reelt sett kan selje.

Maksimalt persontal er det maksimale talet på personar som

er sett for arrangementet, når vi kjenner føresetnadene som

arrangementsområdet og andre avgrensande faktorar (innslepp/

utslepp osv.) gir.

6.2.2 Praktisk berekning av

publikumskapasiteten

Ved arrangement som går føre seg på lokalitetar som ikkje er

spesielt eigna, er berekninga av publikumskapasiteten retningsgivande

for val av arrangementsarena. Publikumskapasiteten

blir blant anna fastsett ut frå faktisk publikumsareal og

kapasiteten i tilgjengelege rømmingsvegar. I nokre tilfelle bør

fagkyndige branntekniske rådgivarar gjere slike berekningar.

Der rømmingsvegane har god breidd, kan vi nytte tommelfingerregelen

om minst ein cm per person i tilgjengeleg breidd.

Å fastsetje maksimalt publikumstal

Det er arrangøren som skal dokumentere og stå ansvarleg for

det maksimale publikumstalet. Lokale brannvernmyndigheiter

kan be om å få sjå dokumentasjonen som er utarbeidd for å

fastsetje kor mange personar som kan opphalde seg i ein bygning,

eit telt eller innanfor eit lukka område. Dersom denne

dokumentasjonen ikkje er tilfredsstillande, kan brannvernorganet

krevje at vi set i verk ytterlegare tiltak eller kjem med meir

dokumentasjon, eventuelt kan dei leggje ned bruksforbod.

Sonedeling av arrangementsområdet

Publikum fordeler seg ujamt utover arrangementsområdet.

Det er høgare persontettleik ved fokuspunkt enn i arealet elles.

For å forenkle berekninga av kapasiteten kan det vere tenleg

å dele området i ulike soner ut frå forventa persontettleik. Det

kan gjere det enklare å berekne personbelastninga for eit større

arrangementsområde.

For å kunne sjå på eit areal som ei sone, bør arealet innanfor

sona ha likeverdige eigenskapar når det gjeld følgjande:

• Attraksjonskraft – altså kor interessant dette arealet er

for publikum. Døme på ulike soner er området framfor

scenane, serveringsområda og aktivitetsområda.

• Dei fysiske føresetnadene for området – korleis underlaget

er, hellinga på terrenget, sol og skugge osv.

• Korleis tryggleiken er organisert – til dømes personell,

planar og tryggleiksførebuingar. Område som er godt

overvaka av tryggingspersonell, kan ha høgare persontettleik

enn område utan slik overvaking. Når vi bereknar

kapasiteten, må vi difor ta omsyn til korleis tryggleiken

for området er organisert.

Det maksimale talet på personar innanfor eit arrangementsområde

eller ei sone er det lågaste persontalet som følgjande fem

utrekningar gir:

Publikumstal A: kor mange personar området rommar (ut frå

dimensjonerande persontettleik)

Publikumstal B: inngangs- og innsleppskapasitet

Publikumstal C: utgangskapasitet når arrangementet ordinært

blir avslutta

Publikumstal D: rømmingskapasitet gjennom utgangen og

flaskehalsar

Publikumstal E: personflyt og logistikk innanfor

arrangementsområdet

Her greier vi ut vidare desse punkta:

Publikumstal A: Kor mange personar rommar området?

Som ein tommelfingerregel kan vi rekne ut publikumskapasiteten

ved følgjande enkle framgangsmåte:

1. fastsetje det faktiske publikumsarealet i sona

2. fastsetje den maksimale persontettleiken ut frå bruksområdet

til sona, det vil seie om det er eit ståande publikum,

benkar, tribune eller liknande

3. berekne det maksimale persontalet ut frå verdiane i punkt

1 og 2

Dette er retningsgivande tal. Følgjande ulike variablar påverkar

kva som blir den maksimale persontettleiken:

• faremoment knytte til vêrtilhøve: til dømes kraftig regn,

overvatn/myrlendt, sterk vind, sol osv.

• årstid: omsynet til klede og behov for å røre seg om det er

kaldt

• type arrangement: intimsoner mellom personar varierer

alt etter kva slags publikum det er (til dømes rockekonsert

samanlikna med familiearrangement)

52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!