15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

akseptabelt. I somme tilfelle kan slitasjen gi varige skadar.

Her må vi verne terrenget.

• Lyng og mose kan ha sein tilveksthastigheit. Gangvegar,

scener, salsområde, portar osv. bør leggjast slik at det ikkje

blir stor slitasje på lyng og mose.

• Forureina grunn: Dersom grunnen er forureina, kan

støv eller gjørme spreie skadelege substansar. Dette gjeld

både kjemikal frå gamle deponi og bakteriar frå til dømes

avføring frå husdyr.

• Kontroller at ikkje arrangementet kan skade, forstyrre eller

øydeleggje sjeldne biotopar med plantar, insekt, amfibium

osv.

For å forsterke og verne terrengunderlaget i område med stor

slitasje kan det vere lurt å bruke ein fiberduk med eit lag maskingrus

over. Det kan relativt enkelt leggjast ut før og fjernast

etter arrangementet. Kontakt ein maskin- eller hageentreprenør

for forslag og kostnadsoverslag. Eksisterande plen og mark

toler i dei fleste tilfelle slik behandling, og graset kjem seg att

etter at vi har fjerna fiberduken.

6.1.3 Geografisk risiko

Mange menneske samla på ein stad gjer det meir sannsynleg

at uønskte hendingar – som vi elles ser på som kvardagsrisikoar

– skal skje. Vi bør difor vere særleg tryggleiksorienterte

og forsiktige når vi planlegg eit arrangement: Det kan vere

fornuftig å leggje lista for akseptert risiko lågare enn vi ville ha

gjort i ein normalsituasjon.

Døme på slike risikoar kan vere:

• Vassdrag: Ver særleg merksam på regulerte elvar som kan

få raske variasjonar i vassføringa. Dersom arrangementet

går føre seg i nærleiken av slike regulerte elvar, bør vi

tenkje på kva faremoment som kan oppstå når folk slår seg

ned ved elvebreidda eller leikar i vatnet.

• Unngå terrengformasjonar med stup, svaberg, ur

og anna som kan føre til fallskadar, og sikre desse med

gjerde. Det er ikkje nok å setje opp merkeband. Ingen skal

ferdast i ur med stein som kan losne og treffe publikum.

• Myrområde er ikkje eigna.

• Sterkt trafikkerte vegar og jernbane er ikkje ønskte

naboar til eit arrangement. Vurder faren ved trafikkuhell

og farleg gods. Arrangementet kan gjere bilførarar uoppmerksame,

og det igjen gjer det meir sannsynleg at det

skal skje ei ulykke.

• Infrastruktur som høgspenttrasear, avløpssystem og

kloakkreinseanlegg eller gassleidningar er ikkje ønskte

element i nabolaget til eit arrangement med mange

deltakarar.

• Glatt underlag og underlag som kan bli glatt når det

regnar, snør eller blir frost.

Dette er ikkje meint å vere ei sjekkliste, men døme på risikoar

ved somme stader. Kvart arrangement må gjere slike risikovurderingar,

og risikovurderinga må innehalde ei vurdering av

korleis vi ventar at publikum oppfører seg i arrangementsområdet,

slik at vi får identifisert og handtert lokale geografiske

risikoar.

Dersom risikoreduserande tiltak ikkje gir ønskt tryggleiksnivå,

må vi innsjå at arrangementsstaden ikkje er eigna til bruken

han var tenkt til.

6.1.4 Bereevna til

bygningskonstruksjonar

Ved innandørsarrangement må vi som arrangør kunne dokumentere

kva belastningar som skal takast inn i bygningen

(utstyr og rigg, plassering, publikumsbelastning osv.), og kontrollere

at bygningskonstruksjonen toler tilleggsbelastninga.

Utleigar (eigar) må kunne dokumentere kor mykje bygningen

er dimensjonert for å tole, både når det gjeld tal på personar,

føresetningar og avgrensingar for bruk av bygningen.

For faste scenar kan vi forvente at eigaren har gode rutinar på

til dømes tillatne belastningar og straumuttak, og at vi får vite

om kva som er mogleg, og kva avgrensingar som gjeld, når vi

skriv leigekontrakt.

Når det gjeld tilfeldige bygningar, kan vi ikkje forvente at eigaren

kjenner til arrangementet og dei behova og belastningane

som det kan føre med seg. I slike tilfelle må leigetakar vere

proaktiv i forhandlingane og be om nødvendige opplysningar

om kva som er mogleg å gjere, og kva avgrensingar som gjeld.

Vi må som arrangør informere eigaren om kva bygningen skal

brukast til, altså kva type arrangement som er planlagt, og

kor mange menneske vi ventar skal kome. Vi må forsikre oss

om at bygningen tryggleiksmessig er tilrettelagd for dette, og

at bruksløyvet eller ferdigattesten for bygningen dekkjer det

arrangementet er tenkt til.

For å kunne kontrollere belastninga for bygningen kan vi lage

eit såkalla riggplott, der vi skisserer kvar lastene skal plasserast,

på ei teikning av lokalet. Skissa må vise kor store enkeltlaster

som skal inn i bygningen, slik at vi kan sjekke om heis,

korridorar, rampar osv. har stor nok kapasitet. Det må også

kome tydeleg fram om lastene skal stå på golvet eller hengjast

opp i takkonstruksjonar.

Pass på at følgjande er i orden med tanke på tryggleiken

for bygningen:

• Avklar om det er tillate å hengje opp gjenstandar i taket

eller andre konstruksjonar.

50

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!