15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Billett eller armband skal kontrollerast før publikum kjem inn

til arrangementet. Vi må vere medvitne om kor lang tid dette

kan ta. Slik kan vi dimensjonere inngangane med riktig tal

«gater» i køsystemet og bemanne dei med riktig tal billettkontrollørar.

Ei «gate» består gjerne av rekkjer med låge gjerde

som er sette opp slik at det ikkje er mogleg å stå to og to ved

sida av kvarandre i køen. Dette gir personellet ved inngangen

betre kontroll og oversikt når publikumsstraumen er stor. Eit

godt organisert køsystem skal også sørgje for at køen ikkje

klumpar seg. Kor robust vi må lage køsystemet, kjem an på

kva slags type publikum vi ventar til arrangementet.

Testar har vist at ein person som riv eller skannar billettar, kan

kontrollere ein stad mellom ti og tjue personar i minuttet. Dette

er avhengig av kor trena kontrolløren er, og korleis billetten er

laga. Les meir om inngangar i kapittel 9.

Falske billettar

Sal av falske billettar er eit aukande problem. Ofte er falske

billettar svært profesjonelt laga og vanskelege å oppdage.

Det finst system som les billettar med digitale handskannarar.

Desse oppdagar om billettar er falske, og arrangøren må vurdere

om det er nødvendig med ei slik løysing.

Visitasjon

På mange arrangement blir publikum visiterte før dei slepp

inn. Dette blir gjort for å hindre at folk tek med seg gjenstandar

som ikkje er tillatne på området. Tryggingspersonellet

har ikkje høve til å tvinge folk til å bli visitert. Den som skal

visiterast, må samtykke til det. Arrangøren kan nekte den som

ikkje vil la seg visitere, å sleppe inn på arrangementet.

Kor nøyen visiteringa er, kjem an på kor lang tid det tek. Svært

grundig visitering tek lang tid. Vêr og årstid har også noko å

seie. Di meir klede, di lengre tid. Det tek også lengre tid å visitere

publikum som kjem med sekker, vesker og liknande.

Forsøk viser at ei god, men effektiv visitering tek om lag seks

sekund per person. Det vil seie at éin person kan visitere om

lag ti personar i minuttet. Dette kjem sjølvsagt an på kor trena

den som skal visitere, er, og dei andre faktorane som verkar

inn på visiteringstida. Ekstra personar som hjelper til med å

visitere sekker, vesker og liknande, kan auke effektiviteten.

For at publikum ikkje skal oppleve visiteringa som ei unødvendig

stor belastning, bør vi på førehand opplyse om kva

som er tillate å ha med inn på området. Det er vanleg å trykkje

denne informasjonen på billetten. I tillegg bør vi vurdere om

det skal setjast opp skilt som informerer om dette på veg til og

ved inngangane. Les meir om informasjon ved inngangen i

kapittel 9.4.

Forbodne gjenstandar

Forutan gjenstandar som er forbodne etter norsk lov (medrekna

alkohol, narkotika, våpen m.m.), må vi som arrangør nøye vurdere

kva vi ikkje tillet at publikum tek med seg inn på arrangementet.

Typiske gjenstandar som ofte ikkje er tillatne, er:

• paraplyar

• foto- og videoutstyr

• dyr

• stolar og anna campingutstyr

• brannfarlege gjenstandar

• flasker

Det kan vere eit godt tilbod til publikum å ha eit garderobesystem

der dei kan oppbevare gjenstandar dei ikkje får ta med seg

inn på arrangementet. Det som ikkje bør oppbevarast der, er

brannfarlege gjenstandar og elles alt som ikkje er tillate etter

norsk lov.

19.4.2 Beredskap ved inngangen

Lange køar er nødvendigvis ikkje eit problem, men det kan

fort bli det dersom det nærmar seg tida for ei spesiell framsyning.

Lite framgang og dårleg informasjon aukar risikoen for

problem. For å handtere lange køar bør vi

• ha planar klare for når vi skal setje inn tiltak

• kunne opne fleire inngangar eller auke kapasiteten i eksisterande

inngangar

• omdirigere publikum til andre inngangar med mindre kø

Beredskapstrappa (som vi presenterte i avsnitt 2.3.2) kan

brukast også ved inngangar. På førehand kan vi avtale kva som

er akseptabel lengd på køen. Eit dømes på beredskapstrapp for

kø kan vere:

Ved somme arrangement kjem publikum svært tidleg for å få

dei beste plassane. Det kan vere lange køar i mange timar før

arrangementet tek til. Om dette er tilfelle, må det vere personell

til stades for å gi publikum service, ta vare på dei og

organisere dei. Det er også nødvendig at publikum har tilgang

på vatn for å unngå at dei blir dehydrerte dersom det er varmt.

19.5 Før framføringa

Før artisten skal opptre, bør scenegravsjefen halde eit koordineringsmøte

med scenesjef, representant for artisten og andre

leiarar som er involverte når artisten skal opptre. Her må ein gå

gjennom detaljar i framføringa (til dømes bruk av pyroteknisk

vare, kontakt med publikum m.m.), forventningar til publikumsaktiviteten

framfor scenen og publikumsprofilen for den

aktuelle framføringa. Scenegravsjefen formidlar deretter denne

informasjonen vidare i eit eige møte med scenevaktene.

119

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!