15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

vere leiar, soneleiar, brannvernansvarleg, sanitetsansvarleg,

informasjonsansvarleg og tryggleiksansvarleg.

Anna personell kan gjerne organiserast i ein såkalla «personellpool».

Dei kan møte på ein avtala stad for å få tildelt andre

oppgåver ut frå beredskapsplanen og den aktuelle hendinga.

Hugs alltid å fokusere på tryggleiken til personellet. Dei må

ikkje utsetjast for unødvendig fare.

Innan dei profesjonelle nødetatane er på plass og har teke

over, skal arrangementspersonellet gjere følgjande i prioritert

rekkjefølgje:

• redde personar som er i direkte fare, og behandle

personskade

• avgrense skadeplass og skadeomfang

• handtere hendinga på best mogleg måte ut frå dei føresetnader

og krav som er sette

Når det profesjonelle hjelpeapparatet er kome på plass, må

arrangementsleiinga og personellet hjelpe til under ny leiing.

20.4 I ein krisesituasjon

Det kan lett bli problem dersom det oppstår ein krisesituasjon

vi ikkje har budd oss på. Nøkkelpersonar kan fort bli stressa og

handlingslamma. Vilkåra for å klare det er mykje betre dersom

vi har ein beredskapsplan som alle kjenner godt. Trena nøkkelpersonell

med erfaring frå øvingar kan i større grad konsentrere

seg om å vere handlekraftige og rolige, og å følgje den oppsette

planen. Dermed er vi i betre stand til å vurdere fysiske og organisatoriske

tilhøve og setje inn eventuelle korrigerande tiltak.

20.4.1 Evakuering

Det er krevjande å skulle bestemme seg for å evakuere eit

stort arrangement. Ei slik avgjerd bør difor kanskje gjerast av

politiet dersom dei er til stades på arrangementet. Ei evakuering

kan få mange negative konsekvensar, og det er difor

viktig at vi i forkant går nøye gjennom både risiko og følgjer

ved ei evakuering. Nokre gonger kan ei evakuering skape fleire

problem enn ho løyser. Uansett må det finnast tilfredsstillande

rømmingsvegar med tilstrekkeleg kapasitet til å ta unna mykje

publikum, og det må vere nok og godt merkte tryggingsvakter

til stades for å rettleie folk. Personellet må vere med og skape

ro på staden, slik at ei evakuering kan gå roleg, bestemt og

effektivt føre seg. Slike dramatiske avgjerder har mykje å seie

for arrangementet og dei som er involverte. For dei som har

fullmakt til å ta slike avgjerder, er det veldig viktig at det finst

ein plan for det, og at denne planen og anna viktig planlegging

er godt kjend i organisasjonen.

Ein beredskapsplan bør romme alternativ til ei fullstendig

evakuering. Går det til dømes an å tømme berre delar av

arrangementsplassen, og kva slags informasjon skal vi då gi til

publikum? Det er viktig å ha tenkt gjennom kva slags informasjon

vi skal gi til publikum for å unngå misforståingar, panikk

og anna uønskt og ofte ukontrollert åtferd.

20.4.2 Krisekommunikasjon

Eit stressa menneske har lett for å misforstå informasjon.

Likeins kan stressa menneske ha vanskeleg for å formidle

informasjon til andre på ein tilfredsstillande måte. For å unngå

dette bør difor all kommunikasjon i ein krisesituasjon følgje

bestemte reglar, uavhengig av om det er interninformasjon

eller informasjon retta mot publikum.

Gode prinsipp for kommunikasjon i ei krise er:

• Gi kort, klar og tydeleg informasjon.

• Tilpass informasjonen til storleiken på arrangementet og

typen arrangement. Bør vi informere på engelsk?

• Unngå formuleringar eller ord som folk kan misforstå.

• Ta opp att viktig informasjon fleire gonger, gjerne gjennom

ulike kanalar.

• Ta opp att informasjon til eigen organisasjon fleire gonger,

til dømes informasjon om å setje i verk beredskapsplanen.

• Gi tydelege ordrar. Menneske i ein krisesituasjon treng

struktur. Informasjon som liknar ordrar, til dømes «Gå mot

utgang B ved sida av scenen» har større effekt enn om vi

berre ber publikum om å forlate området.

• Gi tydelege direktiv også til stressa tryggingspersonell.

«Opne nødutgang A» gir truleg betre resultat enn ein

generell ordre om å «opne nødutgangane!».

Informasjon til publikum

Ved ein krisesituasjon må vi også informere publikum, og

då gjeld dei same prinsippa som gjeld for all krisekommunikasjon:

Informasjonen skal vere tydeleg, korrekt og ordreliknande.

Vi kan gi informasjonen på fleire måtar. Di fleire

kanalar vi bruker, di større er sjansen for at publikum oppfattar

informasjonen slik dei skal. Det kan til dømes vere lurt at

konferansieren på konserten har eit ferdiglaga manus for denne

typen situasjon. På store arrangement kan det vere effektivt

med tekst på storskjerm.

Interninformasjon

Ved ein krisesituasjon må sjølvsagt også arrangementsorganisasjonen

og informasjonstenesta få nødvendig informasjon.

Også her gjeld prinsippa som for krisekommunikasjon: tydeleg,

korrekt og ordreliknande informasjon. Den første interninformasjonen

som blir send ut, bør vere at beredskapsplanen

skal setjast ut i livet.

126

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!