15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

KAP. 12

12.1 Sanitærområdet 12.2 Avfallshandtering

12.1 Sanitærområdet

På sanitærområdet finst toalett og vaskehøve. Dei må dimensjonerast

etter kor mange gjester vi ventar kjem. Det kan vere

lurt å ta tidleg kontakt med ein erfaren leverandør av mellombelse

sanitæranlegg for å diskutere toalettypar, kapasitet og

plassering av sanitærområdet. Her følgjer nokre punkt som kan

vere nyttig å ta med i vurderinga.

12.1.1 Val av toalett- og sanitærløysing

Val av toalettløysing kjem an på plassering, vegar, vasstilgang

og budsjett. Kommunen, andre arrangørar og leverandørane

kan gi råd.

Eksisterande toalett

Arrangøren bør vurdere om det er stor risiko for skadeverk og

høge kostnader knytt til bruk og reingjering av eksisterande

toalett. Sjølv om vi trur kapasiteten held, kan det likevel lønne

seg å bruke mellombelse toalett dersom skaderisikoen er stor.

Mellombelse toalett

Tørrklosett er den vanlegaste mellombelse toalettløysinga.

Dei har separate tankar og blir tømde med slamsugingsbil.

Herretoalett kan avlastast ved å bruke urinal, men hugs at talet

på toalett må bereknast ut frå at dette berre gjeld menn. Toalett

bør alltid stå på plant underlag og festast slik at dei ikkje

kan velte.

Mellombelse vassklosett krev at det er tilgang til avløp,

septiktank eller liknande og vatn med riktig trykk. Kontakt

vass- og avløpsansvarleg i kommunen for å sjekke kva som er

mogleg. Installasjon av avløp skal gjerast av ein profesjonell

VVS-montør.

Vaskestader og dusjar

Vaskekummar med kranar bør så langt som råd finnast på eller

ved sanitærområdet. Det er viktig med avløp frå desse, elles

blir området vått og leirete. Dersom det ikkje finst høve for

vask med rennande vatn og såpe, bør arrangøren tilby antiseptiske

kremar. Dei som handterer næringsmiddel, må ha enkel

tilgang til skikkeleg handvask. Talet på vaskekummar må stå i

forhold til talet på toalett og urinal.

12.1.2 Kapasitet

Ta følgjande faktorar med i vurderinga:

• forventa drikkekonsum

• god nok kapasitet til å handtere toppar, til dømes morgon

og kveld og mellom framsyningar

• toalettbehovet aukar utover det talet på deltakarar skulle

tilseie dersom vi etablerer mellombels campingplass i

tilknyting til arrangementet

• handikapptoalett

Tabellen kan gi eit utgangspunkt for å berekne kor mange toalett

som trengst på arrangementet. Sjå på forholdstala som eit

minimum. Talet på toalett per 100 personar må aukast dersom

vi ventar eit høgt ølkonsum eller at mange skal overnatte på

staden. Generelt kan vi rekne med like mange kvinner som

menn på dei fleste arrangement.

For arrangement som er opne meir enn seks timar

For arrangement som er opne kortare enn seks timar

Kvinner Menn Kvinner Menn

2 toalett per 100 kvinner 1 toalett per 100 menn,

og 1 urinal per 300 menn

1 toalett per 100 kvinner 1 toalett per 150 menn,

og 1 urinal per 400 menn

Figur 16: Toalettbehov

88

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!