15.11.2014 Views

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

Veileder for sikkerhet ved store arrangementer - Direktoratet for ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

• artistar: ønsket om å stå nær scenen for å kunne sjå artisten,

kan gi uventa høg persontettleik

• type publikum (kjønn, alder, mentalitet osv.)

Kapasitet for ståande publikum

Når det gjeld arealbehovet for eit ståande publikum, er det i

Noreg ikkje avgrensingar for kor mange personar eit areal kan

romme, men dei overordna krava gjeld uansett: Det skal ikkje

vere fare for liv og helse, og vi skal kunne evakuere folk utan

fare for at dei blir stuva saman. Vi skal kunne flytte på folk

internt utan store hindringar.

Rettleiinga til teknisk forskrift til plan og bygningslova gir eit

dimensjonerande arealbehov for ståande publikum på 0,6 kvadratmeter

per person, det vil seie 1,7 personar per kvadratmeter.

Ver merksam på at denne faktoren i dei aller fleste tilfella

er nytta for å berekne rømmingsvegar i forsamlingslokale. I

mange tilfelle er det mogleg å få inn fleire enn 1,7 personar

per kvadratmeter i eit lokale utan at det går ut over funksjonen

og den indre logistikken i lokalet, men det kan likevel bli for

mange personar i forhold til kapasiteten til nødutgangane. Det

er viktig å gjere seg kjend med slike avgrensingar.

Kapasiteten for ståande publikum på eit utandørsarrangement

kan bereknast for kvar sone. Når vi bereknar arealet

for ståande publikum, skal vi avklare dei fysiske tilhøva (P)

og vurdere korleis tryggleiken i området (S) blir handtert.

Verdiane av P og S blir oppgitt som eit tal mellom 0 og 1.

Ei gruppe eller ein person som har kompetanse på dette feltet,

bør fastsetje desse verdiane.

Vi viser til to sett med godkjende rettleiarar som britiske styresmakter

har utarbeidd:

• «Guide to safety at sports grounds» som gjeld for utandørsarenaer.

Denne er også kalla «The Green Guide».

Rettleiinga gir utfyllande informasjon om val av faktorane

P og S. Det går ikkje an laste ned denne rettleiaren.

• «The event safety guide» som gjeld for planlegging av

konsertar, arrangement og liknande arrangement utandørs

(også referert til som «The Purple guide»), gir også god

rettleiing for korleis vi skal fastsetje persontettleik. Sjå

liste over nyttige lenkjer til slutt i kapitlet.

Den høgaste standarden ei sone kan ha, gir i praksis ein verdi

(P og S) på mellom 0,9 og 1. Ei låg klassifisering kan gå ned

mot 0,1. Faktoren 0 viser til der det ikkje kan opphalde seg

personar på eit område.

Eit område for ståande publikum blir rekna for fullt når persontettleiken

kjem opp i 4,7 personar per kvadratmeter. Den

lågaste verdien av faktor P og S skal brukast og multipliserast

med 4,7 personar per kvadratmeter. På denne måten kan vi

få fram ein retningsgivande verdi for publikumskapasiteten

innanfor ei sone.

Eksempel: Ei sone er vurdert til å ha P=0,6 og S=0,8.

Kapasiteten i sona blir rekna ut frå den lågaste verdien slik:

0,6 x 4,7 personar/m 2 = 2,8 personar/m 2 . Dermed er 2,8 den

spesifikke personbelastninga som kan brukast når vi vurderer

dimensjoneringa.

• Arrangement med eitt fokuspunkt:

Når vi bereknar publikumskapasiteten til eit arrangement som

berre har eitt fokuspunkt (til dømes ein scene), bør publikumstalet

A bereknast ut frå den samla kapasiteten for det faktiske publikumsarealet

for scenen. Dette arealet bereknar vi av den samanlagde

kapasiteten til sonene som ligg inn mot scenen (tribunar,

ståplassar osv.), og som er berekna for publikum i sceneområdet.

Dersom vi har god kjenneskap til publikum og publikumsåtferda

og kan sjå bort ifrå at alle publikummarar er til stades på

eitt fokuspunkt samtidig, kan vi auke den samla kapasiteten for

arrangementet. I slike tilfelle må vi ha høve til å kontrollere og

styre publikumsflyten, slik at vi hindrar at det til dømes kjem

inn fleire personar enn tillate framfor scenen.

• Arrangement med to fokuspunkt

Det kan vere vanskeleg å fastsetje maksimalt publikumstal for

arrangement med to eller fleire sterke fokuspunkt, til dømes

ein festival med fleire scenar. I slike tilfelle kan vi ikkje berre

byggje totalkapasiteten på summen av kapasiteten til enkeltscenane,

sidan det ikkje er lett å seie kva scene publikum

føretrekkjer. Vi må fastsetje totalkapasiteten til arrangementet

etter ei avveging mellom totalkapasiteten til dei to fokuspunkta

og forventa publikumsåtferd. Vi må utøve fagleg skjønn med

støtte i kapasitetsutrekningar for areal, flaskehalsar osv.

• Flaskehalsar og publikumskapasitet

Det er utarbeidd ulike modellar for å berekne publikumskapasiteten

gjennom flaskehalsar og kor raskt publikum flyttar på

seg i uhindra gange. Når publikumsmengda er stor, bør vi vere

forsiktige med å ukritisk bruke slike metodar for å berekne tillate

persontal innanfor sona. Personar med brei erfaring og god

kunnskap bør stå for berekningar når folkemengda er stor og

persontettleiken høg.

Når det gjeld berekning av kapasiteten på rømmingsvegar og

døropningar i bygningar, er det i rettleiaren til teknisk forskrift

gitt nokre preaksepterte retningslinjer (tommelfingerreglar). Det

er ikkje utarbeidd noko detaljert regelverk for berekning av flyten

av store menneskemengder inne i ein bygning eller på eit område.

Merk at dei preaksepterte reningslinjene – tommelfingerreglane –

ikkje alltid er like tenlege for å berekne kapasiteten for store menneskemengder.

Sjå liste over nyttige lenkjer til slutt i kapitlet.

53

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!