Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget
Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget
Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
MEG i mitt verk, og smelta totalt, for så å ropa ut til heile

verda om kor uendeleg rørt og glad og provosert du er. At

du elskar meg, altså. At du skal ropa ut dette akkurat på

rette måten, at du lengtar etter meg og vil ha meir. Eg har

prøvd og prøvd og prøvd, og eg prøver framleis.

Nokre gonger er eg nesten der. Nokre gonger blir eg spelt,

og det hender du kjem, og det hender eg får svar. Men aldri

får eg AKKURAT det svaret eg vil ha. Kvifor ikkje?

Du veit jo at det er oss to! Eg veit at du veit kva eg fortel

kollegene mine, at eg slett ikkje bryr meg om deg. Men

dette er løgn. Sanninga er det motsette. Eg bryr meg så

inderleg! Men eg stolar ikkje på deg lenger. Honey, is it me

or is it you? Kva er det som har kome mellom oss!

Så kritikar, kjæraste kritikar, gje meg eit teikn!

Har eg deg, eller ikkje!

Vil du meg, eller vil du meg ikkje?

Vil du at eg skal lukkast, eller vil du det ikkje.

Eg saknar deg. Eg drøymer om deg. Men eg stolar ikkje

på deg lenger.

Eg fryktar at sist gong du sa at du elska meg, var det berre

for at eg skulle slutta å gråta.

59