02.12.2012 Views

Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget

Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget

Norsk kritikerlag 10 år - Kritikerlaget

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4. forsøk: Gutane i åttande

Du er litt som ein av dei store gutane i åttande. De er store,

litt truande, nokre av dykk pene, andre meir rå og nokre

verkar til og med dumme, men de er alltid størst og de er

alltid på avstand. Og de har makta i korridorane.

Eg set nasa oppover og prøver å sjå tøff ut. Eg er usikker

på om de er ekle eller berre morsomme når de slenger

kommentarar etter meg i korridoren. Nokre av dykk er eg

forelska i, nokre direkte redd for, nokre av dykk ser ut til å

vita alt her i verda – men uansett rettar eg nasa oppover

og prøver å verka usårleg.

Eg held for øyre og auge og latar som at de ikkje finst. Det

er min strategi.

5. forsøk: Skilsmisse

Eg merkar det. Du har ein annan. Du elskar meg ikkje lenger.

Nei, ikkje sei meg imot! Trur du ikkje eg er dramatikar? Trur

du ikkje eg kan lesa mellom linjene?

Eg merkar at du er kynisk, opportunistisk og blodtørst – du

vil ha blodet mitt. Ja, eg innrømmer det, det med «blodtørst»

seier eg berre for å vera på den sikre sida, men likevel. Eg

treng tryggleik.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!