26.07.2013 Views

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

er dekorert med gullborder som snurrar seg lik ein volutt på sida. Eit høglys kjem frå venstre og

reflekterer i hjelmen. Overflata verker blank og gjenskinet dannar ein kvit Z - formasjon. Lyset

treffer, spreier seg og former hjelmen. Dette lyset påverkar også engelen i framgrunnen som eg

skildrar under.

Hjelmen ligg tett opp i eit kne, og når blikket går vidare oppover, blir det avslørt at kneet

tilhøyrer ei gamal kvinne. Ho har bøygd hovud og kroppen er vend i mot høgre. Munnen i

ansiktet er lukka og rynkene drar munnvikane nedover. Nasa er rett og lager ein markant profil.

Det venstre auga er fjerna og vi ser rette inn i eit tomt augehål. Håret hennar er kvitt og stikk

fram langs ansiktet, under det kvite mønstra blondesløret som ho har over hovudet. På akslane

heng eit brunaktig hekla sjal over ein lys, drapert kjole som ho har på seg. Eit blått tøystykke

markerer livet og rett under ligg eit lilla liknande tøy. Over beina har ho eit blått og kvitt mønstra

pledd, som er tilgrisa med raude flekkar. Under den lyse kjolen stikk underarmen fram som er

kledd med ein nettingliknande genser. På hendene som er samla i mellom låra, har ho hanskar

med same farge som kjolen. Totalinntrykket av heile klesdrakta er antikk.

Englekvinna er plassert framfor søyla i venstre biletdel. Engelen har vengjer som er halvvegs

utstrekte og dei er så store at dei forsvinn ut av venstre biletdel. Eit høglys spreier seg bak

og framover engelen. Lyset sitt treffpunkt er på den øvre vengjekanten, medan den fremste

vengja kaster ein mørk eigenskygge. Dette fører til at konturen kring vengjene blir meir tydleg

enn ved normal lyssetting. Forma blir modellert nøyaktig og blir nyansert med lys og skygge.

Proporsjonane verker naturlege og er perspektivisk ordna. Gjennom ein abstrahering av dei

utstrekte vengjene og beinstillinga, dannar ho ein X-formasjon som stabiliserer sittestillinga. I

tillegg markerer kvinna sine armar ein oval sirkel -formasjon kring magen. På fanget til kvinna

set ein svart ramn i liknande profilstilling. Det finst fleire ramnar i biletet og vidare vil eg skildre

dei tre fremste.

Vengjene går igjen i ramnen som set i kvilestilling på det høgre låret til kvinna. Ramnen sine

vengjer er av svarte glinsande fjører, og står i kontrast til kvinna sine lysegrå. Fuglen repeterer

profilen til kvinna, men haldninga er ulik. Fuglen held nebbet høgt heva, medan kvinna sitt

ansikt, er vendt nedover. Måten ramnen er skildra på, verker eksakt i følgje naturen. Lyset

treffer auga, nebbet og baksida av fuglen, det blir reflektert tilbake og skaper kontrast mellom

kvitt og svart. Blikket går i frå ramnen sitt nebb og vidare oppover langs ei skrå usynleg linje

til ein annan ramn. Den kjem flygande inn frå høgre og er på veg til motsett biletside. Ramnen

er i svevet og flyg med kontrollerte vengjeslag. Den blir avbilda i nedre posisjon og vil om ein

augeblink endre stilling. Vengjene dannar om lag ein 90 graders vinkel. Den vertikale linja i

vengja og den horisontale fuglekroppen rammar på ein måte inn ruinen i bakgrunnen. Fuglen er

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!