26.07.2013 Views

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

Melankoli, Politikk og Økologisk medvit - diskusjon ... - Rebbestad.no

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

tenebroso som tyder dunkel. 40 Denne målemåten var vanleg i barokken og romantikken, men

Leonardo da Vinci vert kalla den fyrste tenebrist (ibid. ).

Lyset i bakgrunnen skaper stemning i møte med fargane i naturen. Delacroix observerte at grå

skyer får eit blåskjer om kvelden og legg til: ”The clear parts of the sky are bright yellow or

orange”. 41 Kunstnaren observerer korleis fargane opptrer i møte med kvarandre og finn ut at

fargen som oppstår i mørket er grøn. På bakgrunn av observasjonane, utviklar han ein fargeteori

som består av gult, raudt og blått. Ein kan seie at fargane Enehaug måler himmelen med, opptrer

slik Delacroix skildrar naturfenomena i romantikken. Til venstre på himmelen ser ein glimt av

blå skyer og i motsatt retning kjem eit gyldent lys, og når fenomena møtes blir det skapt eit grønt

mørke på himmelen.

”General Narcissus”

”General Narcissus” er i dag i privat eige (Bilete: 3). Bilete vart laga i 1975 og er signert av

kunstnaren. Motivet er måla med olje på plate og storleiken er 80 x 100 cm, det vil seie eit litt

mindre landskapsformat enn det ”Melankolia” er. Noko av det fyrste eg legg merke til i møte

med motivet, er ein person som har ansiktet bandasjert og som set framfor ein mørk bakgrunn.

Personen er avbilda i ein sittestilling og har ein frontal og sentral plassering i framgrunnen.

Hendene fell ned langs sida og vi ser begge i frå oversida. Den venstre neven ligg knyta og kviler

ned på bordet, medan den høgre er open og heva opp i frå bordplata. På grunn av bandasjen

er det ikkje mogeleg å identifisere personen, men dei kraftige hendene indikerar at det er ein

mann. Det ser ut som bandasjen i utgangspunktet er kvit, men vert gråleg og skiten på grunn av

skyggeverknaden. På hovudet har personen ein svart hatt med eit rundt gullemblem. Emblemet

syner ein frontalt sprikande rovfugl. Hatten fell ned over bandasjen slik at den dekkjer omlag

halve ansiktet. Den blanke skjermen syner eit gjenskin frå eit lys som fell inn frå ein høgre

frontal. Lyset dannar kvite parti på den svarte skjermen. Under hovudet har personen på seg

ei lys skjorte og eit litt mørkare slips som blir framheva av ein unaturleg mørk skygge bakom.

Personen har på seg ei blå jakke, med gullknappar og gulltvinna snorer kring den høgre

skulderdelen. Kleda er ikkje draperte i like stor grad som kleda til fugleskremselet i Ӯrens

time” eller engelen i ”Melankolia”. Kleda her, har ein strammare form som er meir tilpassa

figuren. Øvst oppe på begge skuldrene, ser ein liknande samanfletta element. Desse snorene går

igjen i ”Melankolia”, men med ein annan praktisk funksjon. Snorene i ”General Narcissus”

har fleire funksjonar, dei representerer ein rang i tillegg til å vere symbolske og dekorative.

Gullfargen til snorene kjem ekstra godt fram sidan blåfargen på jakka er komplementær.

Personen set i ein stol med raud ryggpute. Eit brunt ornamenttalt trevirke, er fletta langs den

vertikale stolryggen og ender i eit dyreliknande hovud på toppen. Hovudet er dekorert med ein

40 Pipper, Aschehaugs kunsthistorie, Bind 4, Kunstleksikon, 1996: p., 176.

41 Janson, Neoclassicism and Romanticism 1750-1850, Sources and Documents, Volume II,

Restoration/ Twilight of Humanism, Lorenz Eitne, 1970: p., 112.

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!