29.07.2013 Views

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

fotball

Strauss spelar på fiolinen sin i Stadtpark, medan turistar fotograferer

kvarandre framfor den forgylte statuen.

Trafikken på Opernring er livleg, hestedrosjar slæss om

plassen med byjeepar og trikkar. Utanfor det berømte Operahuset

vert eg tilbydd billettar til klassiske konsertar rundt om

i byen, av unge menn, ikledd kvite parykker og tidstypiske

drakter frå Mozart si tid. Ein av ”Mozartarna” har fotballsko til

den barokke drakta si og eg ser det som eit fyrste teikn i min

fotballsspaning. Når eg seier ”Fussball” gjev han meg tommelen

opp og vi ler saman.

VERDSBERØMT KAKE

Gjennom straumen av turistar driv eg bort mot Hotell Sacher

der jag unnar meg ein bit av den verdsberømte kaka i hotellets

høgverdige kafé. Den diskré kviskringa til gjestene høyrest

mellom raslinga av avissider som vert bladd i, og velkledde

servitørar går rundt på tjukke raude matter. På Café Sacher

slurpar ein ikkje i seg kaffien og ingen går i fotballsko.

Rundt hjørnet, i det svære shoppingstrøket Kärntnerstrasse

sit folk på små øyer av uteserveringar midt i den stride straumen

av passerande. Her sydar det av liv; butikkar, kafear og restaurantar

om kvarandre. Tiggarar og gatemusikantar understrekar

den påfallande kontrasten til Café Sachers stive fornemskap. Folk

frå alle verdas hjørne ser ut til å elska dette mangfaldige Wien

som på ein imponerande måte lykkast i å foreine det tradisjonelt

klassiske med det absolutt siste, dåtid med notid.

MONUMENTALT

Wiens monumentale plassar kring Heldenplatz og Rathaus

er vanskeleg, om ikkje umogeleg, å førestella seg som livlige

fotballsupporterområder. Men det er akkurat her den store EMfesten

kjem til å gå av stabelen i juni, inntil barokke husfasadar

og portalar. Den enorme Ringstrasse vert då stengt for trafikk,

trikken vert omtraffikert og på ein 1,2 kilometer lang strekning

vert fansen tilbudd å fylgja alle EM-kampane live på ti storskjermar.

Med eit breitt tilbod av underhaldning, blant mengder

med kiosker og barar, kjem eit gigantisk fotballparty til å gå

føre seg, midt i det historiske Wien. Mellom kampane vert den

som vil ha det moro rundt om i byen ikkje skuffa; Wien har eit

ufatteleg tilbod av trivsels- og underhaldningsinnretningar med

omkring 6 500 restaurantar og 800 kafear. I sentrale Museums

Quartier er det, trass namnet, eit yrande liv. Her omgåast

ein kring kafear og barar under open himmel, og på klubbane

pumpar velrenommerte DJ´s ut sine seinaste mixar. Ølfata er

velfylte, men òg vin og fotball går i hop. I den nordre utkanten

av byen finnest områda Grinzing og Nussdorf, der den lokale

vinen vert laga. Vingardane sine skjenkingslokalar vert kalla

”Heurigen” og ei utflukt til desse pittoreske landlege miljøa er

eit must for Wien-vitjaren.

FOTBALL OG TIVOLI

Ernst-Happel-Stadion, der den store finalen vert spelt den

29. juni, rommar 51 000 tilskodarar og ligg ved fornøyelsesparken

Prater i den østre delen av byen. Forutan finalen skal

det her spelast ytterlegare seks EM-kampar, og i mai månad

vert den nye tunnelbanelina U2 opna. Då er ein på arenaen frå

byens sentrum på åtte kjappe minuttar. ■

COOP 27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!