29.07.2013 Views

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

TIPS

Å gjera:

Austerrike er berømt for sin eventyrleg vakre natur og Alpanes

fjell tilbyr uendeleg mange sports- og fritidsaktivitetar for alle

smakar på alle nivå, året gjennom. Byanes offentlege kulturtilbod

med konsertar, museum og galleri som omfattar både

tradisjonelt og moderne i absolutt verdsklasse gjev ein beint

fram hakeslepp. Wien har gjennom historia utgjort navlen i

europeisk kulturliv, med musikk, teater, litteratur og arkitektur

som paradegreiner.

Det er lett å ta seg rundt, og under EM har ÖBB (tilsvarer NSB)

særskilde tog for fotballfansens reiser mellom byane.

Å eta:

I det fleirkulturelle Austerrike finnest mat frå heile verda og

ein kan eta mykje godt på landets mange restaurantar. Det

austerrikske kjøkenet er realt og bastant, med mengder av

kaloririke rettar. Menyen er dominert av flesk og knödel og

er ikkje hyggeleg lesnad for ein vegetarianar. Gasthausen og

kafeane er berømte for sin avslappa tone med god service

og ikkje minst for sine utsøkte etterrettar. Wienerschnitzlar i

kolossalformat vert servert på restaurant Figlmüller i sentrale

Wien og like berømte etterrettar avsmakas helst i nokre av dei

talrike klassiske kafeane med trepanel.

Austerrike har mange nasjonale ølsortar og dei fleste held

svært høg kvalitet, liksom vinen som vert produsert i landet.

Fleirtalet av austerrikske kvite vinar har dei seinare åra fått

internasjonale prisar.

30 COOP

Shopping:

Utanom dei sjølvsagte turistsuvenirane Mozartkugeln og

Tyrolerhatt finnest det i Austerrike store moglegheiter for dei

shoppingsugne. Mariahilferstrasse og Kärntnerstrasse i Wien,

Getreidegasse i Salzburg, liksom Maria-Theresienstrasse i

Innsbruck er nokre av dei klassiske shoppingsstroka der butikkane

med kjende designarnamn avløyser kvarandre. Prisnivået

ligg om lag på det norske.

Gå ikkje glipp av:

Donauinsel i Wien, strandstripa i elva Donau like utanfor byens

sentrum har vorte ein populær møtestad for byens innbyggjarar.

Stranda har eit 20-tals restaurantar, barar og diskotek

held ope dagleg frå klokka 11-04 i sommarhalvåret, og talet

på vitjande kan då koma opp mot utrulege 300 000 i laupet

av ei helg. Her vert det halde ein årleg Donauinselfest, ein

friluftsmusikkfestival som med sine 3 millionar vitjande i ei helg

er Europas største, og der ein frå 27 ulike scenar kan nyta

mange ulike artistar, og det heilt gratis.

Hopp over:

Mozartkugeln. Sjokoladekulene med den berømte komponistens

namn får du tak i over alt, heile tida. Visst kan ein slik

ting vera ein enkel og typisk suvenir, men som god sjokolade

er han etter mi meinig fullstendig overvurdert. Men smaken er

jo som kjent….

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!