29.07.2013 Views

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

Slik lever du sunt med fet fisk - Coop Norge

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Fotball-EM vert ikkje spela berre i

Wien. Dei andre austerrikske EMbyane

er Salzburg, Innsbruck og

Klagenfurt, også historisk interessante

byar med ei mengde attraksjonar.

SALZBURG:

Fotballfeber heime hos Mozart

Etter ei hyggeleg togreise vestover frå hovudstaden kjem eg til

Mozarts fødeby, Salzburg, og ein av europameisterskapet sine

mest spektakulære arenaer.

Min spasertur oppover bratte trappesteg til Mönchsberg vert

løna med ei uverkeleg utsikt over byen som innehar ein sjølvsagt

plass på verdsarvslista. Som ein eventyrleg miniatyrstad ligg dei

gamle husa tett inntil kvarandre langt nedanfor meg, eit knippe

kyrkjetårn med irrgrøne kopartak stikk opp, og heile dalen vert

fylt med klokkeklang. Domkyrkja, der Mozart for 250 år sidan

vart døypt, utgjer med sin barokke kuppel byens sjølvsagte

midtpunkt. Elva Salzachs grøne boge deler byen, og den 900

år gamle middelalderborga Hohensalzburg tronar høgt ovanfor.

28 COOP

Bortom byen kan ein skimta dei grøne åsane der familien Trapp

ein gong dansa ut i verda i filmen Sound Of Music.

Tilbake i byens sentrum hamnar eg på Getreidegasse der

fotgjengartrafikken stokkar seg framfor huset der den framgangsrike

komponisten vart fødd. Skarar med turistar stirer opp mot

huset med nummer 9, der familien Mozart ein gong budde, i tredje

etasje. Huset er i dag eit Mozartmuseum og turistanes kamerablitsar

slår mot den eggegule fasaden. Mozartplatz, torget der byens

berømte son står som statue, kjem under den komande fotballfesten,

saman med nærliggjande Residenzplatz og Kapitelplatz, til

å bli gjort om til enorme supporterområder med storskjermar og

scenar for artistar.

Vest for byens sentrum, ved kjøpesenteret Europapark, ligg

EM-stadionen Wals-Siezenheim, heimearena for førstedivisionslaget

Red Bull Salzburg. Gjennom ei spektakulær ombygging,

der ein mellom anna har løfta det over 2000 tonn tunge taket,

har tilskodarplassane auka frå 18 500 til 30 000 før meisterskapet.

INNSBRUCK:

Grøne matter i vinter-OL-staden

I togkupeen på veg til Innsbruck les eg meg opp på litt historie

om Tyrol, området som fyrst og fremst er kjend for sine

ypparlege vintersportgreiner. Alperegionen Tyrol vart splitta opp

som ei fylgje av fyrste verdskrig og oppløysinga av Austerrike-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!