10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

2.0 Skildring av tiltaket Døsjagrovi Kraftverk

Dersom taubanebygget vert brukt vil det ikkje verte behov for utviding, men ei

tilpassing av bygget til å romme dei tekniske installasjonane. Bygget vil trenge

omfattande opprusting og renovering. Fasaden vert i hovudsak som i dag og er vist på

bilete i vedlegg 8. Eit nytt stasjonsbygg i tilknyting til den gamle kraftstasjonen vil ha ei

grunnflate på kring 70 – 80m 2 , og bygget vil som omtala ta omsyn til eksisterande

bygningsmasse. Arkitekt vil verta nytta til å tilpasse endeleg fasade til eksisterande

bygningsmasse.

Vegbygging

Det er mange eksisterande vegar i området, både riksveg 55 forbi kraftstasjonen,

kommunal veg opp til Harastølen og privat veg vidare opp til inntaket på Røssesete (sjå

figur 1).

Den kommunale og private vegen vil i stor grad nyttast til naudsynt transport til inntaket

og for transport og legging av røyr. Røyrgata vil verta lagt av gravemaskin og det vil

verta laga mellombelse anleggsvegar inn frå eksisterande veg der det er naudsynt. Desse

blir fjerna dersom ikkje grunneigar har nytte av dei i ettertid.

Kraftlinjer

I kraftstasjonen skal det installerast ein 6,6/22 kV transformator for overføring av

straum til leidningsnettet. Tilkoplinga vil skje via ein 10-30 meter (avhengig av endeleg

kraftstasjonsplassering) lang nedgraven 22 kV jordkabel til nærmaste trafostasjon. Trase

for kabel er vist på kart i vedlegg 11. For nærmare detaljar sjå avtale med

områdekonsesjonær Luster Energiverk AS (vedlegg 11).

Massetak og deponi

Det vil ikkje vere aktuelt med deponi av overskotsmasse. Noko ny masse i form av grus

vil måtte tilførst for omfylling rundt røyr, men stadeigen masse vil i hovudsak nyttast til

overfylling på røyrgata. Det er og meir tilgjengeleg masse i området som eventuelt kan

nyttast. Eventuell overskotsmasse vert plassert i naturlege søkk og holer ved

røyrgatetraseen.

Kjøremønster og drift av kraftverket

Prosjektet er basert på nytting av eksisterande vassmagasin i Hellesetvatnet. Dette

magasinet vil berre til ein viss grad regulere tilsiget frå kring halvparten av nedbørsfeltet

over inntaket. I tillegg vil avstanden ned til inntaket (forsinking av endringar av

vassmengda ved inntaket) gjere at ein berre kan regulere tilsiget over lengre periodar.

Reguleringsmagasinet vil dermed berre delvis utjamne køyringa av kraftverket og sikre

noko tilgjengeleg vatn gjennom vinterhalvåret.

Sjølve inntaket har ingen reguleringsmoglegheiter og det er derfor ikkje mogleg med

effektkøyring av kraftanlegget. Køyringa av kraftverket vil verta køyrt etter tilsiget til

inntaket.

7

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!