10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Døsjagrovi Kraftverk

3.0 VERKNADER FOR MILJØ, NATURRESSURSAR OG SAMFUNN

3.1 Hydrologi (verknader av utbygginga)

Hydrologien i Døsjagrovi er påverka av tiltak og kraftproduksjon over lang tid.

Vassdraget er typisk for området med markert større vassføring i sommarhalvåret. Heile

nedbørsfeltet er på kring 11 km 2 og avgrensa av fjell opp mot 1500 moh. Det er eitt

større vatn i nedbørsfeltet, Hellesetvatnet, som har vore regulert i over hundre år. Det

har ikkje blitt gjort nokon systematisk måling av vasstand i magasinet eller vassføringa i

elva som kan nyttast i dei hydrologiske utrekningane. Tidlegare regulering av magasinet

har skjedd ut frå observasjonar og kjennskap til elva. Frå Røssesete på kring 750 moh.

og ned til utlaupet i Lustrafjorden renn elva jamn og bratt utan å danne større gjel og

fossar. Elva dannar ikkje noko markert dalføre.

Dei hydrologiske utrekningane er basert på slepping av minstevassføring heile året lik

alminneleg lågvassføring (0,02 m 3 /s). Reguleringa av magasinet er optimalisert mot

kraftproduksjon.

Totalt vil kraftverket nytte 68% av midlare totaltilsig til inntaket gjennom året. 28% vil

renne forbi på overlaupet (periodar kor tilsiget er større enn slukeevna og minstevassføringa)

og 4% vil bli tappa forbi på grunn av minstevassføringa. Saman med tilsiget til

elva under inntaket, vil det til saman renne 34% av midlare totaltilsig (6,05 Mm 3 /år) rett

oppstrøms kraftstasjonen.

I tabellen under er det sett opp tal dagar kor vassføringa er større enn slukeevna (Qmax)

og tal dagar der vassføringa i tillegg til minstevassføringa er mindre enn minste slukeevne

(Qmin). Det siste vil vere tal dagar kraftstasjonen ikkje vil vere i bruk og alt vatnet

renn forbi. ”Før”-situasjonen er simulert utan regulering i Hellesetvatnet og tilsvarar

situasjonen for over hundre år sidan. ”Etter” tilsvarar regulering av Hellesetvatnet for å

optimalisere kraftproduksjonen. Reguleringa av Hellesetvatnet har variert frå år til år for

å sikre kraft til Harastølen heile året. På grunn av endringar i bruk at det ikkje er gjort

systematiske målingar, er det vanskeleg å simulere ei normalvassføring, men ho vil ligge

mellom ”Før” og ”Etter”.

Tabell 7: Oversikt over tal dagar kor vassmengda er større eller mindre enn slukeevna til

kraftverket uregulert og etter regulering før og etter inntaket (tørt, middel og vått år).

Større enn Qmax

Mindre enn Qmin

Før

Etter –

Etter –

Etter – ved

Etter – ved

nedstrøms Før

nedstrøms

inntak

inntak

inntak

inntak

Tørt år 43 31 1 58 18 341

Middels år 81 73 26 52 0 295

Vått år 124 98 67 13 0 270

Som tabellen viser vil det i eit middels år vere 73 dagar i året (20% av året) at tilsiget til

inntaket (tapping frå Hellesetvatnet + flaumtap i Hellesetvatnet + tilsig frå resten av

feltet) er større enn slukeevna til kraftverket. I 26 dagar (i middels år) vil minstevassføringa

og flaumtapet i inntaket vere større enn slukeevna i kraftverket (>0,82 m 3 /s).

Grunna reguleringa i Hellesetvatnet oppnår ein eit jamnare tilsig til inntaket gjennom

året. I eit middels år vil det ikkje vere dagar som er mindre enn minste slukeevne. Ein

11

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!