10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Døsjagrovi Kraftverk

3.7 Landskap

Miljørapport ”Kartlegging og verdivurdering av landskap naturmiljø og kulturmiljø i

Luster kommune”, som er utarbeidd av Aurland Naturverkstad DA (AN), har vurdert

verdien av landskapet i delområde Høyheimsvik til middels. Dette var ein fagrapport

som vart utarbeidd i samband med Luster kommune sin kommunedelplan for små

kraftverk. I rapporten er det peikt på at det er variasjonen mellom frodige jordbruksgrender

og naturprega fjellsider som gjev landskapet mangfald. Landskapsklassifiseringa

er sett til B1 som vil sei at landskapet representerer det typisk og

representative landskapet (Clemetsen M.& Skjerdal I.B. 2006).

Vassdraget Døsjagrovi er spesifikt omtala i same miljørapport frå AN. Det er trekt fram

både veg og busetnad/bygningar som karakteriserar området og at mangfaldet av

landskapselement pregar inntrykket av området. Elva er lite synleg frå nært hald. Frå

vegen ser ein elva berre ein kort strekning når elva vert kryssa nede på riksvegen og

oppe på den private grusvegen over Harastølen. Frå fjorden er elva meir synleg. I følgje

denne rapporten er konfliktgrunnlaget for landskap knytt til eksponering av røyrgate

(Clemetsen M.& Skjerdal I.B. 2006). I byggeperioden og i nærmaste tida etter vil

røyrgata verte synleg, særleg frå avstand (fjorden og på sørsida av fjorden). Både

røyrgata og midlertidige vegar er planlagd revegetert naturleg av stadeigne artar for

ikkje å innføre nye artar i området. Verknaden av inngrepet vil dermed reduserast

gradvist. Rapporten til AN konkluderar med at konfliktpotensialet basert på landskap,

naturmiljø og kulturmiljø er lite (Clemetsen M.& Skjerdal I.B. 2006).

Prosjektet vil ikkje påverke INON-område på grunn av eksisterande reguleringsmagasin

og kraftverk, kraftlinje og veg heilt opp til inntaket.

Prosjektet er planlagt med slepping av minstevassføring gjennom heile året og

totalkonsekvensen for landskapet som følgje av dette prosjektet er vurdert som middels

Figur 4: Oversiktsbiletet av Luster og prosjektområde frå andre sida av fjorden (Sørsida).

14

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!