10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Døsjagrovi Kraftverk

3.12 Samiske interesser

Prosjektet vil ikkje kome i konflikt med samiske interesser.

3.13 Samfunnsmessige verknader

Generelle verknadar:

Investeringane i dette prosjektet på over 40 millionar vil naturleg nok gje ringverknadar

lokalt ut over for dei som er direkte involvert i prosjektet. Sal av ei rekke varer og

tenester vil auke i prosjektområdet og kommunen generelt. Ei masteroppgåve frå UMB

viste at varekjøp, tenester, servicetilbod og arbeidsplassar i samband med små

kraftutbyggingar er minst lik investeringskostnadane på prosjektet. Dette er omsetning

som vil skje både gjennom byggeperioden (her planlagd i 18 månadar) og driftsfasen

(tilsyn og vedlikehald).

Tiltakshavar Døsjagrovi Kraftverk BA er eigd av Harastølen AS og Luster Energiverk

AS. Luster Energiverk AS er eigd lokalt (i samsvar med vedtektene i selskapet) og blant

anna kommunen er ein viktig eigar. Det meste av verdiskaping i regi av Luster

Energiverk AS vert derfor verande i Luster kommune. Harastølen AS overtok

Harastølen, bygningar og eigedom, i 2003. Det er store ressursar knytt til eigedommen,

blant anna vasskraftressursar, men det er og utfordringar knytt til ein stor

bygningsmasse. Harastølen AS vil prøve å utvikle eigedomen og eit viktig ledd i denne

utviklinga er å generere inntekter slik at ein har moglegheit til å investere i ei langsiktig

satsing. Harastølen var ein veldig viktig arbeidsplass i Luster i mange år og noko av

dette kan byggast opp att innan annan næring dersom ein har moglegheit til investere i

den ombygging og moderniseringa som området treng.

Skatteinntekter:

Verdiskapinga i regi av Luster Energiverk AS som gjev auka utbytte til aksjonærane vil

bli i Luster. Luster kommune vil få direkte inntekter som aksjonær, men og dei andre

aksjonærane er busett i Luster kommune og vil skatte 13,2% til kommunen og 14,8% til

fylkeskommune og stat. Kraftutbygginga i Døsjagrovi vil som omtala gje Harastølen AS

moglegheit til å utvikle Harastølen, noko som kan gje viktige arbeidsplassar på sikt.

Luster kommune har vedteke ein eigedomsskattesats på 7 promille. Belastninga av

eigedomsskatt for kraftverka vil over tid variere i takt med utviklinga i spotmarknaden

for elektrisk kraft. Dette skuldast at takseringa bygger på eit gjennomsnitt av dei siste 5

års spotmarknadsprisar. Stortinget innførde hausten 2003 ein såkalla minimumsverdi i

takseringssamanheng på 0,95 kr/kWh og ein maksimumsverdi på 2,35 kr/kWh. Med

utrekna middelproduksjon i Døsjagrovi, vil eigedomskatten såleis variere mellom

130 000 og 306 000 kroner pr år avhengig av nivå på spotmarknadsprisen.

Det er ikkje påvist negative samfunnsmessige konsekvensar ut over det som er omtala i

dei andre punkta.

3.14 Konsekvensar av kraftlinjer

Tilknyting til linjenettet vil skje via nedgravne linjer til nærmaste trafo som ligg mindre

enn 30 meter frå planlagd kraftstasjon (sjå vedlegg 11). Det vil derfor ikkje verte

synlege inngrep som følgje av linjetilknytinga og ingen nemneverdige konsekvensar.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!