10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Døsjagrovi Kraftverk

inntaket fell elva stadig brattare nedover før ho flatar ut mot fjorden dei siste hundre

meterane. På grunn av topografien og grunnforhold i området og konstant slepping av

minstevassføring, vert det ikkje venta særskilde endringar i grunnvassforhold som følgje

av redusert vassføring.

Etter utbygging vert det rydda opp som vanleg for å la flaumoverlaup gå som normalt i

det naturlege elvelaupet.

Magasinet på Hellesetvatnet har i over hundre år til ein viss grad dempa flaumtoppar.

Flaumdempinga vert ennå betre med det nye kraftverket som vil ha større moglegheit til

å ta unna vatn i dei flaumtoppane som kjem. Det er ikkje kjent at det har vore

erosjonsproblem i Døsjagrovi. Ein ventar heller ikkje at erosjonsproblema skal auke som

følgje av utbygginga.

3.4 Biologisk mangfald og verneinteresser

Kartlegginga av biologisk mangfald er gjort av Miljøfaglig Utredning AS (MU) basert

på kjende data og synfaring i området. Dei fann to raudlisteartar innanfor eit avgrensa

område nord for taubana opp til Harastølen. Lokaliteten er vurdert som viktig (B). Dette

gamle edellauvskogområdet er ikkje påverka av vassføringa i elva. Røyrgata er heller

ikkje planlagd gjennom dette området (røyrgata vil gå sørvest for taubana). Nordvest for

magasinet er det inngrepsfrie området Grånosi – Fivlenosi vurdert som lokalt viktig (C).

Dette prosjektet vil ikkje påverke dette inngrepsfrie området.

Generelt vil prosjektet i veldig liten grad legge beslag på nytt areal sidan ein skal nytte

både eksisterande inntak og gamle røyrgatetrasear. Som omtala over vil den reduserte

vassføringa og røyrgata ikkje påverke verdifulle naturtypar. I anleggsperioden vil ein

måtte lage kortare midlertidige anleggsvegar. Støy vil kunne påverke dyrelivet, blant

anna hekkande fuglar. Dette er likevel midlertidige påverknadar. Grunna eksisterande

anlegg, veger og busetnad i området vil ikkje prosjektet påverke korkje inngrepsfrie

område eller verneområde. Rapporten til MU konkluderar med at prosjektet har liten

negativ verknad på det biologiske mangfaldet (-).

3.5 Fisk og ferskvassbiologi

Det finst fisk i vassdraget over inntaket (aure). Det vert blant anna fiska på dei rolege

strekningane Røssesete og i Hellestevatnet, men frå inntaket og ned er elvestrekninga

stort sett fisketom. Det er lite sannsynleg at utlaupet i fjorden kan ha verdi for anadrom

laksefisk. Prosjektet vil dermed ikkje påverke fiskebestanden i området korkje i

byggefasen eller driftsfasen (0).

3.6 Flora og fauna

Kartlegging av flora og fauna er ein viktig grunnlag for vurdering av det biologiske

mangfaldet i området. Rapporten til Miljøfagleg Utredning AS har sett på

karplantefloraen, lav- og mosefloraen, sopp, virvellause dyr, fugl og pattedyr. Sjå

nærmare omtale i kap. 3.4.

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!