10.11.2014 Views

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

DØSJAGROVI KRAFTVERK - Luster Energiverk

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

3.0 Verknadar for miljø, naturressursar og samfunn Døsjagrovi Kraftverk

3.8 Kulturminne

I området rundt Luster er det fleire registrerte automatisk freda kulturminne med

bergskunst og vedtaksfreda bygningar (sjå figur 4). Bergskunsten på Røssesete ligg

oppstrøms inntaket og vert ikkje påverka av prosjektet. Dei andre automatisk og

vedtaksfreda kulturminna ligg enda lenger frå prosjektområdet og vert heller ikkje

påverka.

Figur 5: Til venstre: Kart med registrerte kulturminne i området. Bergskunst ved Røssesete er nærmast

prosjektområdet, men den vert ikkje råka. Til høgre: Plassering av ny kraftstasjon er planlagt i

taubanebygget i forgrunnen eller området rundt den gamle kraftstasjonen i bakgrunnen.

I SEFRAK registeret til riskantikvaren er kulturminne som i hovudsak er eldre enn

hundre år registrert. Det er generelt ikkje knytt restriksjonar til desse kulturminna, men

generelt bør det tas omsyn til desse. I prosjektområdet er blant anna bygningane knytt til

Harastølen og fleire bygg på Døsen gard opplista. Taubanebygget er yngre enn resten av

Harastølen, men likevel ein del av det samla anlegget som har ein kulturhistorisk verdi.

Luster kommune har ein eigen kulturminneplan som i tillegg til Harastølen omtalar den

gamle kraftstasjonen til Luster Kraftlag.

Det er derfor lite sannsynleg at røyrgata vil påverke kulturminne, men den nye

kraftstasjonen er planlagd i eit kulturhistorisk miljø. Dersom ein nyttar taubanebygget til

kraftstasjon, vil bygget sin ytre utforming verta teke vare på og oppussa. Dersom

kraftstasjonen vert plassert i samband med den gamle kraftstasjonen, vil utforming og

eventuell tilknyting verta detaljprosjektert av arkitekt i samarbeid med kulturminnemyndigheitene.

Ein ny kraftstasjon her vil framheve den gamle og vise ei historisk

utvikling.

Sjølv om det ikkje er registrert andre viktige kulturminne i prosjektområdet er det eit

visst potensiale for funn. Dersom ein under byggearbeidet finn automatisk freda

kulturminne (særleg aktuelt med lause gjenstandar), vil ein melde i frå til vedkommande

myndigheit (kulturminnelova §12). Då vil og lovføresegnene i kulturminnelova om

ikkje å påverke kulturminna og sikringssone rundt gjelde.

Totalkonsekvensen for kulturminne som følgje av dette prosjektet er vurdert som lite –

middels (-/--).

15

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!